Coffee Traders

Viewing 1 post (of 1 total)
  • Author
    Posts
  • #3738
    Sten Ole
    Participant

    Me er belgiske kaffi-entreprenørar med ein unaturleg sympati for kaffibønder rundt i verden. Spelet får oss til å bygge kaffi-plantasjar og logistikk rundt dei med esler og slitte pickup-trucks. Etterpå skal me sende handelsagentane våre til der me vil ha kaffi frå. Så bruker me kaffien til å oppfylle kontraktar og distribuerer kaffi til kaffibarar rundt om i verden.

    Dette gjer me ei stund til spelet seier at me er ferdige. Så får me poeng med stort fokus på kor snille me har vore med kaffibøndene or litt kor flinke me har vore å distribuere bønner. Spelet er ein politisk appell om at kaffibønder skal ha gode liv og at business ikkje handler om å tjene penger.

    Spelet er relativt komplisert med fleire typar actionfasar og ressursar som det ikkje er opplagt korleis me skal bruke eller få. Dette gjer at første gongen du speler, føler du ein galskap uten like.
    Du bygger ein kaffiplantasje. Får du kaffi av det? Nei. Pengane forsvinner her og der, men korleis skaffer du penger? Får du det når du leverer kaffi? Ikkje særlig, nei. Faktisk så taper du penger fordi handelsagentane dine som kjøper inn bønner krever enorme mengder penger. Men du styrer på og aukar på tracks, putter dyr i skogen som bæsjer halvfordøyde kaffibønner for deg. Du bygger ut kaffi-sentrerte lokalsamfunn ute i verden. På slutten av spelet renner det over av ressursar som ikkje lenger er så relevante siden spelet er slutt. Det er eit mystisk spel.

    Det er gøy, men du føler deg som ein apekatt i eit dyreforsøk. Du trykker på banan-knappen, men ut av luka kjem det berre epler. Neste gong skal eg prøve eple-knappen og sjå kva som skjer.

Viewing 1 post (of 1 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.