4-player Arkham Horror light. Eg hadde nesten avskrive dette spelet etter sist me prøvde det, men sist speling løyste mykje grums og spelet viste seg å vere heilt okay i coop-sjangeren. Temaet er enkelt; low fantasy, good versus necromancer, rydd opp i elendighet skapa av nekromanten rundt om på kartet og trill bra.
Mykje bra med dette spelet. God flyt på turane så det ikkje blei mykje venting. Eventkorta var spesielt greie å ha med å gjere. Historien er litt tynn, men det er nok av situasjonar i spelet som kan fortelle historiar i seg sjølv.