Dune – War for Arrakis

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • Author
    Posts
  • #4119
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Dwfa

    Minnar om «Star Wars Rebellion». Har testa det to gonger. Verkar som det flyt litt betre enn liknande spel, men kan hende eg ikkje hugsar godt nok. Held seg godt til filmen Dune part II.

    #4120
    Sten Ole
    Participant

    Trivelig spel mellom dei onde og dei litt mindre onde. Det er stort sett eit reint krigsspel der begge parter mønstrer karakterane sine til kamp for å bruke det som dei har av spesialkrefter. Atreides har hærar med hemmeleg styrkeantal, sietchar av ukjent styrke og disponerer Dune sine ørkenkrefter som om dei var deiras egne styrker. Harkonnen har ansvar for å samle spice til verden, har mange fleire actions enn kva som er rimeleg (så lenge spiceøkonomien held) og ornithopter for å kompensere for at ørkenen er ute etter å drepe dei.

    Testrunden blei kort og brutal pga unaturleg flaks frå Harkonnen si side og ørten reglar som blei feilspelt i Harkonnens favør. Rabban blei den store helten som fekk sparken på shaky grunnlag. Men Feyd Rautha var like effektiv i stilling som framtidig keisar. Keiser Shadam pumpa inn fleire Sardaukar-krigarar enn Dune har sandkorn. Men sjølv om testen var besudla, er inntrykket godt. Karakterane var relevante og nyttige. Det blir ein slags historie av spelet uansett korleis det går. Eg er spent på korleis det ser ut når Atreides vinner spelet.

    Reglar, reglar, reglar…

    Bene Gesserit tokens frå Supremacy track
    Atreides skal ha Bene Gesserit tokens frå supremacy-tracken til Harkonnen. Harkonnen får dei ikkje sjølv.

    Prescience Track
    Atredies vinn på slutten av turen om dei får til prescience-målet sitt, ikkje med ein gong.

    Siste turen
    Når Harkonnen har gjort sin siste tur, er runden over, sjølv om Atreides har fleire uspelte terningar.

    Ornithopter
    Berre start-omådet for transport treng å vere tilkopla Ornithopteret. Destinasjon kan ligge utenfor.

    Ensomme ledarar
    Ledarar kan ikkje eksistere i eit område uten vanlege units.

    Overflødige terningar og Bene Gesserit tokens
    Desse skal plasseres på dei terningplassane som er mest ledige. Du kan maks bruke 1 Bene Gesserit token per runde.

    Cease the attack
    Om angriper velger å ikkje fortsette kampen, blei dei ståande der dei var før angrepet.

    Retreat
    Om forsvarer flykter, er det angriperen som velger kva veg dei rømmer. Dette gjeld også Harkonnen som flykter frå sandworms.

    Angripe Harkonnen settlements
    Om Atreides ødelegger ein Harkonnen settlement, går kvar prescience marker opp same antal steg som settlement levelen.

    Sandworm
    Sandwormen kan ikkje flytte inn der som det er noko frå før. Og legionar kan ikkje flytte inn til sandwormen. Sandworms kan ikkje dukke opp der Atreides står, fordi på desert hazards-fasen fjerner Atreides wormsigns der han allerede står eller der det er sandworms frå før. Kan også nevne at sandworms kan brukes til sandriding på lik linje med wormsign tokens.

    Minor Erg
    Eg måtte bekrefte dette for min egen del. Minor Erg sjølv om den er full av sand er ikkje desert.

    #4121
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Det blir klårare og meir «fornuftig». Eg vil tru eit spel tar 2 timar.

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.