Food Chain Magnate

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • Author
    Posts
  • #1917
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Food Chain Magnate

    Mark Knopfler sin låt «Boom like that» passar inn her. Du startar ein restaurant heilt åleine og må byggje opp staben med arbeidarar under di styring. Kor snart bør eg få menyen i gong? Har eg ein god plan på markedsføringa? Skal eg trene opp folka mine til å kunne utføre oppgåvene best av alle? Skal eg satse på «waitresses»? Lastebilar for varetransport? Radioreklame? Kva med ein zeppelinar som støtte til drikkemenyen?

    Krise! Motspelarane har køyrt kampanjar på andre matrettar som endrar marknaden og etterspurnaden. Kvifor får eg aldri tak i fryseboks? Heldigvis slepp eg å dekkje løn til tre i staben min! O.s.v…

    • This topic was modified 2 years, 6 months ago by Rune Hanssen.
    • This topic was modified 2 years, 6 months ago by Rune Hanssen.
    #1919
    Sten Ole
    Participant

    Spelet er hyperinteraktivt mellom spelarane.

    Om speler A gjer noko og du ikkje “kopierer” det, så får speler A ein vanvittig bonus resten av spelet som du ikkje får.

    Speler B trur kanskje han gjer det bra og skal steike burger til alle dei burgerhungrige innbyggarane i byen. Så kjem Speler C med ein brus-kampanje på radioen som gjer at ingen liker burger uten brus til maten. Speler B tjener ingenting.

    Imens sitter speler D i eit hjørne og tjener grovt på øl fordi han har satt opp prisen og dei andre har glømt å konkurrere.

    Spelet er derimot litt fiddly med papirpengar, litt småirriterande hoderekning og kort som du vil ha som ligg på andre sida av bordet. Må etter kvart prøves med fleire for at kaoset skal bli komplett.

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.