Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Gaia Project
- This topic has 4 replies, 2 voices, and was last updated 3 months, 3 weeks ago by
Rune Hanssen.
-
AuthorPosts
-
10/03/2019 at 01:15 #1736
Rune HanssenKeymaster
-
This topic was modified 7 years ago by
Rune Hanssen.
-
This topic was modified 7 years ago by
Rune Hanssen.
10/03/2019 at 12:34 #1737Sten Ole
ParticipantRepresenter romsivilisasjonen din i ein fredeleg koloniseringskrig med dine motstandarar. Fred er uvant i eit spel som utspeler seg på eit “galaktisk” kart, men i Gaia Prokect er freden absolutt. Det betyr at om du er først til å bygge på ein planet, så er planeten din. Alt koster, og du må prioritere kva du skal bruke ressursar på. Dette er eit engine building spel som gir deg meir jo meir du oppnår, men puslespelet er ikkje trivielt. Det er tilsynelatande ingen fast fasit på kva som er lurt. Kvar rase har eigne evner. Kartet er forskjellig kvar gong. Kanskje viktigast, kva du får poeng for er ulikt fra spel til spel. Du kan altså ikkje spele dette spelet på auto-pilot.
Med freden og fokuset på din eigen engine, så skulle ein kanskje tru at dette er eit spel med fire spelarar som speler kabal for seg sjølv. Dette er lett å tru heilt til, uten noko forvarsel, STURLA TAR ISPLANETEN SOM DU SKULLE TIL Å TA! Utover spelet blir det også konkurranse om spesielle actions som kan skje ein gong per runde. Altså i tillegg til å gjere dei rette tingene, så må du gjere ting i rett rekkjefølgje slik at STURLA IKKJE TAR ISPLANETEN DIN!
Dette er eit veldig elegant spel. Det har tydeleg symbolbruk og reglane henger godt saman. Det kom med på topp 5 lista til Thomas og det er godt fortjent. Spelet tar eit par timar og egner seg best for 3-4 spelarar med utkvilte hjerneceller.
15/03/2019 at 20:35 #1749
Rune HanssenKeymasterKjekt å ta dette fram igjen etter eitt år. Heavy engine building og sivilisasjon utan krig. I staden kjempar ein om å få actions og planetar til rett tid.
Tilfredstillande når planen går på fram og brikkene dett på plass og utløyser nye moglegheiter.
14/11/2025 at 11:56 #4541Sten Ole
ParticipantThe Lost Fleet har ankomme, ein ekspansjon som er utgitt mystisk seint i forhold til grunnspelet. Terra Mystica-linja av spel har vore spesielt produktive dei siste åra. Ekspansjonen har hovudsakleg ein nyvinning. Det blir lagt ut 4 romflåter på kartet. På desse er det spesielle tech tiles, federation tokens og kraftige actions. For å utnytte desse må du vere i nærheten av dei og gjere ein action for å kome på besøk. Det er også fire nye faksjonar som ikkje har tilknytning til ein typisk planettype, så du kan kanskje samanlikne dei med dei rare faksjonane frå Terra Mystica. Det har også blitt gjort eit par balanseendringar på eit par av faksjonane, anten for å kalibrere dei mot ekspansjonen eller for å kompansere for skeivhetar som også var i grunnspelet.
Førsteinntrykket av ekspansjonen er at den fungerer. Dei nye tinga i spelet gav ikkje meir regelhodeverk enn spelet lagar i seg sjølv. Det er fortsatt Gaia Project der vi konkurrerer om planetar og actions for å kjøre økonomiane så lenge som mulig utan at hjulene detter av. Noko eg likar er korleis spelet oppfordrar til naboskap samtidig som at naboskapet er ei evig plage når alt blir stole frå deg. Eg har litt inntrykk av at galaksen i spelet blei litt meir klaseaktig med tette område og opne område ut ifrå måten me laga brettet på, men kanskje dette er ein illusjon.
Om det er ein minus med ekspansjonen, er det komplikasjonane rundt oppsett av spelet. Eg trur dersom ein skal gjere alt etter boka koster det 10-15 minutt ekstra. Noko av dette kjem ut frå eit antatt designønskje om å gjere faksjonsvalg til noko strategisk, som er mynta mot folk som speler Gaia Project som om livet er på spel. Det handlar også til ein viss grad om nye komponentar som må ordnes separat frå grunnkomponentane. Det er sikkert potensial for å organisere spelkomponentane på ein måte som gjer denne prosessen så smertefri som mulig.
Alt i alt er eg svakt positiv. Eg trur spelet er betre enn berre med grunnspelet.
16/11/2025 at 17:43 #4542
Rune HanssenKeymasterFekk ein ny testrunde. Gaia Project er eit maskinspel som krev ein del av deg kvar gong. Ein har mange mekanismar ein kan bruke, noko som lar deg gjere noko uansett. Problemet er berre at du må passe på at desse mekanismane blir utvikla undervegs slik at du kan avansere i rett takt. Heldigvis er alt det tørre kledd inn i sci-fi på ein god måte. Ekspansjonen fyller berre på eit breiare spekter. Spelet er bra.
-
This topic was modified 7 years ago by
-
AuthorPosts
- You must be logged in to reply to this topic.