Jarle Haktorson

415 54 544

Email

post@brettspel.no

Spelekveldar

Me brukar SPOND

Viewing 1 post (of 1 total)
  • Author
    Posts
  • #4972
    Sten Ole
    Participant

    Glass Road er eit eldre Uwe Rosenberg-spel. BGG lister Black Forest som ein reimplementasjon av dette spelet. Sjølv om det er likheter, så er nok dette ikkje heilt sant. Det er ikkje meir sant enn at alle Uwe Rosenberg-spel eigentleg er same spelet (sjølv om ein eigentleg kan argumentere for dette synet).

    Glass Road bruker eit ressurssystem der du automatisk lager murstein og glass dersom du har råd til det. Det kan lage litt morsomme situasjoner dersom du ikkje vil ha desse ressursane. Administrasjon av dette blir gjort av dei same hjula som ein finn i Black Forest.

    Målet i spelet er at du skal lage bygningar. Dei kan vere hjelpsomme underveis i spelet. Men det som teller på slutten av spelet er victory points frå bygningane. Dette er på mange måtar standard for Uwe Rosenberg. Han har laga “tusenvis” av spel som gjer dette.

    Det som driver spelet framover er eit kortsystem, der alle har tilgang på dei same korta. Alle spelarane veljer ut 5 kort å bruke på ein runde som er delt opp i omgangar. Kvar omgang veljer alle samtidig eit kort å spele, så går det på tur mellom spelarane der dei kjører kortet sitt. Komplikasjonen har å gjøre med at om andre har same kortet på hånd som du kjører, så blir effekten av den aktive spelaren redusert, og den andre spelaren får også den reduserte effekten av kortet. Dette gjer at spelet kan oppleves som eit psykologisk spel der ein prøver å vere veldig taktisk med kva kort ein veljer og kva rekkjefølgje ein kjører korta. Ein kan diskutere kor mykje psykologi speler inn siden med mange nok spelarar så blir det litt bingo uansett.

    Uansett trur eg at Glass Road på mange måtar er eit av dei meir tilnærmelege Uwe Rosenberg-spela. Usikkerheten i kortspelet tar litt spissen ut av det matematiske paradigmet som ofte får regjere i dei andre spela hans. Sjølv om Glassbutikken din mangler glass å selge fordi du er inkompetent, kan du likevel glede deg over at korta dine øydelegger for andre.

    7 av 10 blod-igler.

Viewing 1 post (of 1 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.