Kanban EV

Viewing 1 post (of 1 total)
  • Author
    Posts
  • #3786
    Sten Ole
    Participant

    Litt sein debrief på Kanban EV. Det som er med Lacerda-spel er at det ikkje er så vanvittig mykje nytt å rapportere på dei. Dei er langt frå like, men alle (eller mange) har dei same kvalitetane. Det er mekanikkar som er modulært inndelt i seksjonar, men som samtidig knytter seg til alle dei andre seksjonane. For at ein tur skal føles god, må du ha gjort trekkene tidlegare slik at du har det du skal i nuet. Samtidig, må du tenke framover slik at det du oppnår i nuet kan brukes seinare på fornuftig måte.

    I Kanban designer, utvikler, bygger og tester du El-biler. Du kan fritt jobbe på heile fabrikken, ta kurs i dei ulike jobbane og meir eller mindre passe på at du får cred for arbeidet. Ein sentral del av spelet er ledaren Sandra som patruljerer fabrikken gjennom veka og evaluerer om du har gjort jobben din på alle stasjonane eller ikkje. Dette har ironisk nok å gjere med kursdeltaking eller kor mykje rot det er på pulten din. For kvar batch med 5 bilar som blir laga og ferdigtesta, så er det eit møte der spelarane skal skryte over korleis dei har nådd måla til fabrikken og sette nye mål for neste veke.

    Spelet er bra, som forventa, men det visste me vel eigentleg siden Kanban Driver edition allerede har blitt testa og godkjent. Me fekk ikkje fullført spelet fordi me ikkje hugsa tidlegare Kanban og fordi me måtte læra reglar mens me spelte. Men eg trur me alle fekk opplevd Sandra på sitt verste.

    Spelet sender deg rett i arbeid utan opplæring, så det er ikkje lett å navigere kva ein skal gjere. Sandra er eit terrormoment siden ho potensielt stjeler opptil 6 poeng av deg kvar tur, så du må forutsei kvar ho kjem til å gå og passe på at du anten har nok kursdiplom eller at du har nok aktivitet på den stasjonen. Så må du navigere dei andre spelarane sånn at du faktisk får plass til å jobbe på stasjonen du treng for å kome deg vidare i spelet. Om du er kjapt frampå på noko som helst felt, er det bonusar å hente. Kanskje det er lurt å satse på dette. Du veit kva som blir belønna på møtet. Du kan få poeng om du satsar ekstra på dei tingene. Endgame-mål er også med, men dette er vanskeleg å prioritere. Så har du grunnforutsetningen at du må prøve å ferdigstille bilar som er mest velutvikla og utvikla bildelane som generelt fabrikken har satsa mest på. Og for all del, ikkje utvikle delar til bilar som du ikkje ferdigstiller! Då har du ikkje oppnådd noko som helst.

    Reglar, reglar, reglar…

    Lyspære
    Lyspære-bonusen på improved parts i R&D-seksjonen viser seg å berre vere at du ikkje får noko ekstra. Altså, ingen bonus.

    Pacecar
    Pacecar’en flytter seg med same antal steg som biler som blir tatt.

    Elles har eg ikkje fanga opp noko som me gjorde feil. Andre ting som kan oppleves ikkje intuitivt med spelet er plassen til høgre for spelerbrettet ditt, der det ser ut som at det har noko å seie om du har delen oppe eller nede. Det har ingenting å seie. I tillegg har det ingenting å seie om du plasserer ein improved part over eine gule bilen eller den andre fordi delane vil telle på begge uansett.

Viewing 1 post (of 1 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.