Khòra

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • Author
    Posts
  • #3231
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Khôra er som forventa; eit enkelt Civ-spel der du må finne balansen i alt du har lyst å gjere. Det tek ikkje lang tid, kanskje 25 minutt pr. spelar, med avgrensing på ni avklarte rundar. Komponentane er veldig gode og det er eit innbydande spel å spele. Målet er å ende opp som den mest suksessrike, greske bystaten. Dette gjer du ved å samle opp poeng undervegs, poeng på end-game kort og poeng på Glory-status. I mitt første spel fekk eg rundt halvparten av poenga undervegs, resten ved slutten, medan andre fekk nær alle sine undervegs. Mekanikken er artig; trill to terningar (seinare tre, om du låser den opp), der talet avgjer kva Action-kort du kan spele. Manglar du kraftig nok terning, kan du booste denne med arbeidarar, som du må ha tilgjengeleg. Men skal du gå for arbeidarar? Eller skatt? Eller militær? Eller spele kort? Eller utvikle bystaten din? Eller? Spelet er enkelt, men vala kan vere vanskelege. Det at det er så kjapt, gjer heller ingenting. Det er ikkje eit «episk» spel, og då er lengda heilt fin. I kategorien «klokka er berre ni, me rekk ein runde Khôra».

    #3679
    Sten Ole
    Participant

    Fekk testa dette med Einar (som er den perfekte Ad Hoc brettspel-læraren) og Tor Inge. Då det stod 75 min på boksen blei eg bekymra. Dette er eit moro spel med ressursar, tracks og tokens. Eg ser for meg at dette spelet kan rundes på 30 min. Spelet er enkelt og vanvittig raskt. Det er eit fantastisk spel når det er tid til overs. Eg har inntrykket at militær-actionen er spesielt viktig. Glory ganger laurbærkransar er eit farlig reknestykke som kan fort gjere 90-poeng-tokenen relevant.

    PS
    Spelet føles idiotisk overprodusert med alle deluxe-komponentane.

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.