Lancaster

Viewing 5 posts - 1 through 5 (of 5 total)
  • Author
    Posts
  • #1825
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Lancaster Big Box

    Alle ekspansjonar er i boks og Lancaster har utvikla seg til å bli enno meir innhaldsrikt. King Henry V legg til fleire element som kan støtte deg i fylkeskrangelen, i krigen mot Frankrike eller berre gje deg litt ekstra ressursar for planane dine.

    Her samlar ein også velsigning frå kongen og får du biskopar inn i rekkene genererer dette poeng i massevis.

    Lancaster må vere blant dei fremste i rekkjene når det kjem til innhald i høve til spelelengd. Ein klassikar!

    • This topic was modified 2 years, 7 months ago by Rune Hanssen.
    #1829
    Einar Bogsnes
    Participant

    Synes spelet er veldig gøy ein gong i blant – om ein speler det kvar veke blir det fort ganske repetitivt ettersom det stort sett skjer det samme kvar gong, men er etter mi meining eit av dei beste spelene under kategorien “spel eg har lyst til å spele 1 gang i året”. God kombinasjon av ting som skjer, varer ganske passelig lenge, og fleire forskjellige strategiar som er tilgjengelige uten at ein føler seg tvingt inn i nokon av dei.

    #1830
    Sten Ole
    Participant

    Ekspansjonane legg til eit eige brett for å spele seg inn i hoffet til Henry som gir hjelp elles i spelet. Det gir også opphav til ekstra poeng (og minuspoeng) i betydelege mengder. Nye drastiske lover gjer også at spelet fort kan svinge om du ikkje følgjer med.

    Dette er ikkje mitt favorittspel, men er heilt ok. Eg trur kanskje bud-mekanikkane er noko av det som ergrer meg mest. Når du har spelt litt “feil” eller “kreativt” i starten, så blir du hindra i å gjere det du treng for å reparere mangelen. Spelet tvinger deg altså stort sett til å spele “rett” fra A til Å. Spelet oser likevel av kvalitet.

    #1831
    Sten Ole
    Participant

    Reglar, reglar, reglar…

    Oppstart (med ekspansjon)
    Spelarane får ein ekstra voting cube i starten.

    Dishonor
    Dishonor blir delt ut på første rad på krigane også. Reglane omtaler dette også som tapte konfliktar som er det som utløyser markørane. Dishonor blir altså meir vanleg (og derfor også meir skadeleg for dei som har flest). BGG approved.

    Tårnet
    Tårnet som lar spelarar kaste bort dishonor blir tømt i rewards-fasen. Knektane er altså ikkje permanent tapte og kapasiteten til å fjerne dishonor er litt større.

    Kan nevne at det kanskje er naturleg å blande inn dei gråe lovene (Laws of the King) inn i lov-økosystemet siden desse omhandler ekspansjonselementene.

    #1832
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Meir dishonor-stress virkar fornuftig.

    Lancaster

Viewing 5 posts - 1 through 5 (of 5 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.