Legendary Encounters: Predator

Viewing 10 posts - 1 through 10 (of 10 total)
  • Author
    Posts
  • #1643
    Sten Ole
    Participant

    Legendary Encounters Predator

    Deckbuilding-spel i predator-universet som har to modusar: Enten ein Coop-versjon der du speler hovedpersonane i filmane og skal beseire predatoren, eller ein konkurranse-versjon der alle er ein predator som skal samle troféar på jorda (og muligens duellere med andre predatorar).

    I klassisk deckbuilding-tradisjon brukar du den middelmådige start-kort-stokken din til å kjøpe kort til å gjøre stokken din bedre. Samtidig lar kortene deg utføre angrep og handlingar i spelet. Denne mekanikken er lik i for eksempel Dominion.

    Spelet er litt stress å sette opp og pakke saman, delvis pga av at du skal kunne konstruere din egen mashup av begge predator-filmane for å skape variasjon. Variasjonen er relativt liten. Du har også relativt lite handlingsrom med kva du får gjort på turane dine. Spelet føles med andre ord som bingo ut fra kva kort som er tilgjengelege for kjøp i “hovedkvarteret” og kva slemme kort som går ut i “the Wilds”.

    Eg er middels negativ til dette spelet. Det er ein dårlig kombinasjon av tanketomhet og samtidig ikkje eit avslappande spel. Tematikken hadde vore meir effektiv om dei hadde brukt bilder fra filmane istadenfor å bruke tegneseriemotiver på kortene.

    • This topic was modified 2 years, 3 months ago by Rune Hanssen.
    #1644
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Spelet er heilt greit så lenge nokon gidd setup og rydding.

    Som tegneserie-nerd er teikningane greie for meg, men ja det er bingo med lav deck building. Likevel får eg «get to the choppa» vibes…

    • This reply was modified 2 years, 3 months ago by Rune Hanssen.
    #2552
    Thomas Thomsen
    Participant

    Tja, kult konsept men ikkje heilt kult gjennomført.

    Liker deckbuilding, liker sjangern og temaet. Synes noen her har gått bananas med symbolikken bare for å få høyere «weight» på bgg for å virke bedre en det er. Det for min del overskygga stemning og fokus på story når eg spilte.

    Satt egentlig bare å hadde fokus på symbola heile kvelden for å finne ut hva mine kort kunne gjøre i seg sjøl. Eller hva eg trengte tigge meg til for bedre kombo fra andre sine corporaction kort.

    Vi kjørte gjennom 2 runder, på slutten av andre runde kom det frem en feil vi hadde gjordt heile kvelden, at en skal trekke seg et nytt kort om en velger å bruke corporation kort på andre sin turn. Mulig vi kunne vunne en av våre runder om vi hadde huska det. Men tviler på at det hadde gjordt noe med inntrykket av spillet.

    #2554
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Dette spelte eg når det var nytt og Rune hadde det med for hundre år sidan. Då likte eg det veldig godt. Så har eg prøvd å få det på bordet igjen dei siste hundre åra, og i går lukkast det! To gonger også! Og det var ikkje så fantastisk som eg trudde. Grunnar har Sten Ole og Thomas kome med.

    MEN: Det er jo fleire spel i denne serien. Eg ser at Aliens-varianten ligg på 101. plass på BGG; det er nesten topp 100, og framføre ein heil haug med andre spel me har i klubben som me likar. Kva gjer dette? Er det berre temaet? At folk likar og har sett Aliens meir enn Predator? Eller er det noko med korta? Systemet? Coop’en?

    Eg er i alle fall faktisk litt nyskjerrig på dette..! Eg må også innrømme at eg nyleg såg Predator 2, og har litt lyst å sjekke dette ut i dette spelet (sidan eg berre har prøvd Predator 1-scenarioet).

    #2555
    Thomas Thomsen
    Participant

    Personligt trur eg det handler om hva en liker og ikkje hva som er populært på bgg. Catan har vært høyt på lista siden det kom ut. Aldrig sett det på et bord i klubbens regi av den grunn.

    Eg er ikkje fan av så mye randombess i spill. Ja eg liker andre spill som har element av slikt men ikkje i den grad som her og i fleste cthulhu eller mansion spilla der en skal vinne når et spes kort kjem. Men rekkefølgen det kjem i avgjør om det er mulig eller ikkje. Ikkje det du som spiller gjør. Da faller eg av.

    #2556
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Poenget var ikkje å samanlikne Aliens med Catan, men med Predator. Catans er eit heilt anna spel. Aliens og Predator “skal” jo i prinsippet vere like, allikevel hav i forskjell på ranking. Er det berre temaet (Aliens) som gjer dette, eller er det også andre ting, mekanikkar, kort etc. Det var poenget mitt, og difor er eg nyskjerring på Aliens.

    #2557
    Thomas Thomsen
    Participant

    Den er grei, eg var ikkje klar over Predator sin ranking og at den var langt fra alien. Derfor eg svarte med Catan.

    Men ja blir gjerne med å tester det igjen med alle regler i bruk ?

    #2559
    Sten Ole
    Participant

    Eg trur nok Thomas er inne på noko når det gjeld BGG-ranking. Det er ikkje berre folk som oss som er inne der. Folk liker ulike ting. Legendary-spela er ikkje dårlege. Dei forteller ein slags historie mens alle speler Dominion mot maskinen.

    Den kjempestore minusen med spelet er at det anten tar eit år å pakke spelet ut og pakke det ned igjen eller så må nokon lage til eit system som gjer prosessen mindre smertefull.

    Ein annan minus med spelet er at korta er så lite distinkte. I dei fleste andre deckbuilders vil korta vere mykje meir spesialiserte og gi meir inntrykk. I dette spelet er hovedeffekten heile tida antal kloremerker og antal stjerner. Du bryr det ikkje om kva som er på kortet. For eksempel Dominion har jo kort som “festival” og “village” mykje meir spesiell virkning og gir derfor meir inntrykk (sjølv om tematikken på kortene ikkje inneheld mykje meining).

    Når det gjeld ulik oppfatning av Legendary-spela så trur eg at det heng saman med utgivelsesrekkefølge og utvikling i spelmekanikk. Marvel kom ut først og var godt mottatt. Så kom Alien som eigentleg er same spelet, men introduserte “Coordinate”-mekanikken. Det blei altså endå meir eit coop-spel. Så kjem Predator som igjen melker same kua, men denne gongen er det ingen mekanisk utvikling. Eg trur ikkje me skal tolke så mykje inn i BGG-rankingen. Topp 1000 er bra uansett. Om ein ser på kva karakter brukarar har gitt så er 8/10 mest typisk på alle spela og fordelingen på karakterane ser nesten identisk ut.

    #2562
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    “Eg trur nok Thomas er inne på noko når det gjeld BGG-ranking. Det er ikkje berre folk som oss som er inne der. Folk liker ulike ting. Legendary-spela er ikkje dårlege. Dei forteller ein slags historie mens alle speler Dominion mot maskinen.”

    Eg ser eg er misforstått igjen… Det har ikkje noko med andre spel å gjere; det er Aliens samanlikna med Predator eg snakkar om… Det er fleire spel på Topp 100-lista eg har prøvd som eg ikkje likar, medan eg ser fram til neste runde Dark Age Z som ligg på plass nr. 7775 på BGG.

    Så det er ikkje min/vår smak eg snakkar om eller kva som er “kvalitet” eller høgast rangert eller “best”; det einaste eg har undra meg over er kvifor dei ulike Legendary-spela er så ulikt rangert, sidan dei skal vere “samme spelet”, slik eg fekk forklart etter sist speling.

    Her kjem Sten Ole med ei forklaring på slutten av sitt innlegg som høyres fornuftig ut, så då har eg fått svar og er fornøgd.

    #2563
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    “Eg trur nok Thomas er inne på noko når det gjeld BGG-ranking. Det er ikkje berre folk som oss som er inne der. Folk liker ulike ting. Legendary-spela er ikkje dårlege. Dei forteller ein slags historie mens alle speler Dominion mot maskinen.”

    Eg ser eg er misforstått igjen… Det har ikkje noko med andre spel å gjere; det er Aliens samanlikna med Predator eg snakkar om… Det er fleire spel på Topp 100-lista eg har prøvd som eg ikkje likar, medan eg ser fram til neste runde Dark Age Z som ligg på plass nr. 7775 på BGG.

    Så det er ikkje min/vår smak eg snakkar om eller kva som er “kvalitet” eller høgast rangert eller “best”; det einaste eg har undra meg over er kvifor dei ulike Legendary-spela er så ulikt rangert, sidan dei skal vere “samme spelet”, slik eg fekk forklart etter sist speling.

    Her kjem Sten Ole med ei forklaring på slutten av sitt innlegg som høyres fornuftig ut, så då har eg fått svar og er fornøgd.

Viewing 10 posts - 1 through 10 (of 10 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.