Jarle Haktorson

415 54 544

Email

post@brettspel.no

Spelekveldar

Me brukar SPOND

Viewing 5 posts - 1 through 5 (of 5 total)
  • Author
    Posts
  • #3724
    Sten Ole
    Participant

    Reglar, reglar, reglar…

    Ser ut som at Jarle hadde god kontroll. Er glad at me hadde “uendelig” bonus-actions slik at me ikkje berre satt med døde kort i tableu’et.

    Eg trur eg likar spelet. Det var litt vanskeleg å få oversikt over all informasjonen og lett destillere det ned til det viktigaste, men eg trur med litt trening går dette betre etter kvart. Eg trur også at med litt meir trening speler me fortare og meir intelligent. Det sakte tempoet i spelinga var eit lite minus akkurat i kveld/går.

    Spelet har sine intriger med spioner som blokkerer actions om du ikkje har bribes til smøre situasjonen; lokale høvdingar som krever smøring for å få tilgang til området; Mord og krig som fører til total kollaps; Lojalitet til stormaktene så lenge dei gir deg makt. Tematikken er der om Ecklund-syndromet ikkje har knekt deg allerede.

    Det er også solid mekanikk uten åpenbare hol, samt mulighet for synergitenking og lange kjeder av bonus-actions. Det fører til ganske innfløkte taktiske mulighetar (om du har eit fungerande tableu). Den lukka pengeøkonomien har sin sjarm.

    Måten du får poeng på er litt ustyrleg på sikt. Kanskje spelet oppleves betre om du driter litt i om det går bra eller ikkje og berre lever deg inn i verden spelet serverer. Eller kanskje du må vere ein opportunistisk Phil som sitter i eit hjørne og gjer mystiske ting heilt til poengene blir delt ut, og då hopper du fram og tek imot. Rare økosystem-spel vil alltid vere litt ulne strategisk sett fordi det alltid er nokon der til å hogge deg ned om du åpenbart gjer det litt for skarpt. Då er livet fint for Phil som bygger, rekrutterer og hamstrer i periferien, heilt til alt er perfekt.

    9/10

    #3727
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Veldig god oppsummering og samd i alt. Eg vart likevel ikkje umiddelbart solgt, men det har meir å gjere med at eg må “like” spelet, eller “vite” korleis det fungerer/reglar/system. Såleis kan eg godt “like” eit spel som eg har null kontroll på før eg har spelt det fleire gonger, eller “vite” nok om spelet til at eg kan leggje opp den strategien som eg synes er lur/best neste gong.

    Eks. “Maria” likte eg, men eg veit lite og har null kontroll på kva som er lurt. Eg vil spele igjen! “Feast of Odin” likte eg ikkje, men eg veit korleis spelet er og kva som er lurt. Eg vil ikkje spele det igjen.

    Pax Pamir 2nd. ed. er ikkje umiddelbart eit spel eg “likte”. Og heller “veit” eg ikkje korleis det fungerer heilt endå. Eg har stor tru på spelet, og med større “veit”, kjem nok også større “likar”.

    Hm. Dette vart ein veldig forvirrande post. Jaja, er nok berre Sten Ole som les den likevel 🙂

    #3728
    Sten Ole
    Participant

    Eg tolker dette som eit uttrykk for ein eksistensiell krise. Når ein mister grepet på kva ein likar og kva ein veit, er det ikkje mykje igjen…

    Mine antagelser er i stor grad hypotetiske. Rune var tydelig ikkje “dialed in”. Einar skjønte spelet, men brukte fordelen til å rekne djupare på game staten istedenfor å gjere snappy turar. Det var frustrerande å observere. Alt i alt, blei det ein annan atmosfære enn det eg trur spelet legger til rette for og fortener.

    Eg trur det morsomme i spelet er samspel/motspel mellom spelarane, og samtidig at spelet lager kontrastar mellom taktiske valg og strategiske valg som ofte jobber mot kvarandre. På søndag var eg for taktisk og tapte grovt. Tableuet og måten du speler kort har mykje å seie for langtidsutsiktene dine. Spelet skjer mykje meir i den sonen enn eg hadde antatt på forhånd.

    #3729
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Subjektivt!

    Pros:

    – fine og interessante komponentar
    – god symbolikk

    Cons:

    – snappy mekanikk med store svingningar
    – vegar som forsvinn
    – Afgansk tema
    – Igler

    #4382
    Sten Ole
    Participant

    Debrief, speling 13.05.25

    5 Spelarar, alle utenom meg speler det for fyrste gongen. Me begynte med å faksjonslojalitet der 2 spelarar valgte Afghanistan, 2 valgte England, 1 valgte Russland. Lojalitetane holdt spelet ut, men det var på fleire punkt aktuelt for spelarar å snu til ein annan faksjon. Altså var det litt tilfeldig at vi blei ståande der vi stod lojalitetsmessig.

    Spelet gir eit rikt handlingsrom der du har mange valg og kvar beslutning har sine fordeler og ulemper. Kortsiktig gevinst og langsiktig planlegging står ofte som valg som ikkje er openbare i det øyeblikket du må gjere turen din. Og etterpå sit du og lurer på kvifor du mangler alle verktøyene du treng for å ha framgang.

    I “toar-alliansane” var det ofte ein junior-partner som sakka utviklingen med intern maktkamp og gjorde det vanskeleg for faksjonen å lykkes. Og då har den som står aleine litt meir spelerom fordi dei har i praksis monopol på mange av korta og kan fokusere på eigenutvikling framfor krig eller innflytelsessamling.

    Spelet lever også sitt eige liv som spelarane må navigere seg gjennom. Denne kvelden var politikk-modusen i spel mykje av tida som begrensa krigføring til fordel for oppbygning og skattelegging. Det gjorde jakten på influence vanskeleg med ein litt meir døyva maktkamp. Men dette kunne vore annleis om korta i spelet favoriserte andre modusar. Då hadde det fort blitt blodbad og smerte.

    Spelet er fantastisk bra, men måten spelet potensielt deler ut poeng er kanskje eit svakt punkt som vil plage spelet ein gong innimellom. Det er godt mulig å kome i situasjonar der du ikkje har mulighetar til innpass til å sanke poeng eller mulighetar til å leite etter seier. Poengene kjem ut i brutale mengder som gjer at for å innhente dei som ligg foran, ber spelet om at du har ei lang sjekkliste av umulige ting du må få til og umulige situasjonar som må oppstå. Kva gjer ein i eit spel der ein ikkje kan vinne eller få framgang? Mot slutten kan dette vere ein tilstand som kan vere til stades i mange runder. Kanskje du kan argumentere for at spelaren burde spelt “betre” i starten? Gangen i spelet er derimot vanskeleg for spelaren å styre, så eg er usikker. Det går fint an å havne i ein håplaus situasjon sjølv om du speler heilt ok.

    No har me hatt ein hyggelig kveld, og eg trur ordet Pax ikkje lenger har same uhyggelige effekten på stemningen. Det har nok ein profil som gjer det litt nisje-prega, men eg ser heller ikkje vekk ifrå at det kan bli ein gjenganger fordi det er ein ganske variert opplevelse. Det krever likevel at me er i humøret til å spele reaktivt på heile spelduken med alle motstandarane. Å “spele sitt eige spel” i Pax Pamir vil gi lite glede.

Viewing 5 posts - 1 through 5 (of 5 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.