Eit social deduction-spel som opererer meir eller mindre som avalon eller resistance. Spelarar er delt i to lag og “dei snille” må prøve å finne ut kven som er “onde” før dei onde vinn spelet med løgnene sine.
Største forskjellen på secret hitler og avalon er at i avalon har folk ulike spesialkrefter som kompliserer kva folk veit og kva løgner som let seg gjere. Secret hitler har ein policy-stokk som gir ein viss randomness og presidentkrefter som kan tvinge fram taktikkar og dilemmaer. Rolla som secret hitler og viktigheten av at han overlever/dør og blir eller ikkje blir kansler er også fornøyelig kompliserande. Det gir også mulighet til fleire måtar å spele på.
Skal hitler bidra til fascistisk oppblomstring? Skal hitler aktivt argumentere på måtar som avslører partitilhørigheten hans? Eller skal hitler sitte heilt stille i båten og satse på at kanslerpinnen kjem etter kvart?
Dette spelet var gøy med 5. Kanskje endå gøyare med fleire. Gjennomspelingane var korte og reglane var enkle. Som fascist, ein øvelse i å beholde truverdighet mens fjellet av løgner og dårlig argumentasjon vokser. Som liberal, eit utfordrande puslespel der du jakter på tells og informasjon i ein tåke der sannhet og løgn ser veldig lik ut.