Shikoku 1889

Viewing 5 posts - 1 through 5 (of 5 total)
  • Author
    Posts
  • #4034
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Shikoku

    18xx-sjangeren. Det handlar om å vere investor og sjonglere med aksjar, drift av togselskap og utvikle Japan sine transportruter på øya Shikoku. Eit spel der lite er opp til tilfeldighetane. Spelet varer til ein spelar går «bankrupt» eller at banken kræsjar. Med andre ord – ei god stund.

    Reglane er ikkje på plass enno, men tre timar med sosialkonstruktivisme og taktil aktivitet, har gjeve eit godt fundament til å sjå regelvideoar.

    #4037
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Reglar, reglar, reglar…

    Viktige punkt:

    Phases – rundane held seg i same «bane» så lenge kvar togfarge er aktiv på markedet. Dvs. 1 stock round og 1 operation round så lenge det er tog med talet 2 tilgjengeleg.

    Private companies forsvinn (closes) i phase 5.

    Stock round

    – første stock round gjev forbod mot å selge shares.

    – Open market kan ikkje innehalde meir enn 5 shares frå ein type selskap

    – Sold out betyr at alle shares er kjøpt opp av spelarane og ingen ligg i Open market

    – når du har solgt ein type shares, kan du ikkje kjøpe ny frå same selskap

    – du kan berre kjøpe 1 stk. shares på din tur

    #4038
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Operation round

    – bygging av tiles følgjer phases. Det vil seie at grøne tiles blir mogleg når tog 3 er tilgjengeleg

    – Pay out dividends gjeld berre frå den inntekta som toga til selskapet får inn. Og som me diskuterte heftig i første testspeling, så skal alle shares som ligg i open market betale dividends til selskapet

    #4044
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Regelpurge – avgang 2

    Ojay! Spelet er kjekt med aksjehandel og utbygging av jernbanen for best inntekt undervegs. Slutten derimot – er gørrkjedeleg. Håpar Sten Ole finn ut variantar til å droppe grinding på slutten 😇

    Shiko2

    #4047
    Sten Ole
    Participant

    Shikoku er eit av dei mindre skumle 18xx-spela og er eit godt alternativ for normale folk som ikkje vil forville seg heilt inn i 18xx-verden. Det er ikkje ørten forskjellige togfirma med mykje spesialreglar og det er ikkje aksje-emisjonar og fusjonar på aksjemarkedet. Det går med andre ord an å spele dette for første gongen og ha det gøy.

    Etter mi meining er ikkje 18xx-oppskrifta ikkje er 100% perfekt. Det blir potensielt turen din fleire gonger etter kvarandre dersom du ender opp som president i fleire firma. Og desse turane er lange der du både må bygge bane, planlegge kvar alle toga dine skal køyre og rekne ut inntekter, rekne ut utbetalingar til alle aksjonærane og kjøpe tog ut frå framtidige mål. Inkludert i dette er også veksling av kontantar i ulike valørar. Heldigvis kjem spelet med ein tabell for å hjelpe med prosentrekningen og Rune investerte i plastkort-pengar som er mykje betre enn papirpengar. Eg føler også at spelet er eit bedrag. Du trur spelet handlar om god bedriftsforvaltning, men egentlig er det mykje spel i korrupsjon, maktmisbruk og underslag som ein må vere obs på.

    Spelet har to måtar å slutte på. Anten kan eit firma gå konkurs (etter at sjefen har tømt sin personlege konto for å unngå skandale) eller så kjører me tog til banken er “tom”. Sistnevnte måte er litt slitsom siden kartet stort sett er utbygd dei siste turane og det blir berre til at alle firmaene kjører tog med små korrigeringar i kva rutene blir. Det går visstnok ikkje så seint om det kjem Diesel-tog i spel, men du sit med følelsen at spelet egentlig er ferdig men du må sitte der ein halvtime til ein time ekstra og gjere få valg og mykje arbeid. (Eg har ikkje noko konkret løysning på dette problemet, men eg er glatt med på fornuftige husreglar for å gjere slutten mindre sur.)

Viewing 5 posts - 1 through 5 (of 5 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.