Suburbia

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)
  • Author
    Posts
  • #1216
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Etter lang tid har spelet komt på bordet igjen. Ekspansjon med nye star-tiles er prøvd ut og fungerte heilt fint. Legg til litt ekstra å tenkje på utan at det blir paralyse. Speletid er med erfaring kraftig redusert. 90 minutt for 3 spelarar inkludert setup. Sim City versjonen av Among The Stars.

    Suburbia

    • This topic was modified 5 years, 7 months ago by Rune Hanssen.
    #1218
    Sten Ole
    Participant

    Fast og enkelt spelemønster gjer dette til eit nybegynnervennlig spel. Det er fortsatt eit konstant puslespel å få maksimal effekt av brikkene du plasserer.

    #3821
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Ny test etter ni år eller så. Framleis artig, men litt for langt og ikkje så passande for fem spelarar. Når fire andre har gjort noko før deg, ser utvalet av tilgjengelege brikker heilt annleis ut, så ikkje så lett å tenkje framover. Då blir det mest å vente på din tur, og så kikke på bordet. Kan jo sjølvsagt leggje opp ein plan A, B, C, D osv., men er det så kjekt? Sist speling tok ikkje all verda tid, kanskje rundt to og ein halv time, men er for langt for denne typen spel. Eg vil tru det som står ovanfor, tre spelarar og nitti minutt, vil både passe bra for flyt og engasjement.

    #3822
    Sten Ole
    Participant

    Bra spel, sjølv om eg synes det blir litt temalaust. Gameplay-messig er det veldig bra. Det koker seg ned til eit comboreknestykke, men heldigvis ser det ikkje ut til at du kan forhåndsplanlegge seiers-strategien.

    Enig i at spelet har litt lang dødtid til å vere eit 5-playerspel. Det er nok ikkje tilfeldig at grunnspelet er for 4. Men eg trur erfaring vil gjere spelet meir spiselig med 5. Eg hadde det likevel gøy (godt behjelpt av Transport Tycoon musikken).

    Spelet faller inn i kategorien med spel som har enkle regler og få system og små beslutningar som likevel krever mykje tenking for å gjere rette valget. Spel som kan spelast med sjakk-klokke. Dette er ein sjanger me ikkje speler mykje i klubben. Sånn sett er Suburbia eit lite steg utenfor komfortsonen vår.

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.