Tanto Monta

Viewing 6 posts - 1 through 6 (of 6 total)
  • Author
    Posts
  • #4048
    Sten Ole
    Participant

    Tanto

    Då er reglane 0,0043% på plass. Inntrykket mitt er at dette på eit eller anna tidspunkt blir spelbart. Men forutsetningen er mykje meir heimelekse på alle enn Here I Stand og Virgin Queen. Dette er rett og slett fordi alle faksjonane er 300% meir kompliserte enn i tidlegare spel. Dette er reglar som ein må halde styr på sjølv, fordi for eksempel eg klarar ikkje som ein regel-guru å verken formidle eller ha tilsyn over alt knasket som dei andre faksjonane må forholde seg til. Eg trur eg berre har kapasitet til å halde ein faksjon i hovudet om gongen. Tanto Monta er boss-levelen i regel-lesing.

    Eg trur dette spelet er gøy så lenge eg slipper å lese reglar. Det er litt ønsketenking etter at me berre klarte å spele ein halv tur som test på ca 3 timar. Eg ser i alle fall nokre overordna mål for Frankrike som gjer at eg skjønner kva som foregår og kan danna meg tankar om det går bra eller ikkje frå den vinkelen. På ein måte er det greit å ikkje måtte tenkje på religion. Paven er kun eit politisk maktverktøy. Og det ser ut som at denne utgaven av spelsystemet inviterer til meir krig og taktisk posisjonering som er ein av styrkane til spelet. Det blir interessant korleis ting blir når vi endelig begynner å spele dette monsteret skikkelig.

    Reglar, reglar, reglar…

    I eit forsøk på å lage generelt overblikk har eg prøvd å liste opp element som er bygd oppå Virgin Queen-systemet. Kanskje det er til hjelp. Dette er å skrape i overflata og det er mykje eg har funne ut som berre blir unødvendig å liste opp her siden det er så mykje…

    Major Powers er todelte
    Dette har visse konsekvensar. Hærar med ulike nasjonalitetar kan ikkje operere i same formasjon med mindre det er leiarar som er kompatible med begge. Leiarar som er i stand til å gjere dette aleine har fleire fargar på seg. Visse powers kan vere halvveis i krig.

    Hestar
    Alle faksjonar har kavalri. Desse gir eit ekstra valg om å gjere cavalry charge som gir ekstra terningar i bytte om at ein hest blir prioritert når units går tapt. Hestar er også utslagsgivande for interception og avoid battle. Kavalri kan når som helst byttes inn mot infanteri.

    Ressursar
    Ein får ressursar på ulike vis som ofte er ekstra CP. Desse må (eller bør) brukes før turen avsluttes. Ressursane kjem inn basert på busetningar, kontroll av bestemte felt og trassear og trilling som skjer i vinter-fasen.

    Vinter-fasen
    Militsstyrkar deserterer med eit viss sannsyn. I motsetning til tidlegare spel kan du lagre uendeleg mange styrkar i alle home keys. Alle home keys vil altså fungere som “hovudstad”. Trekantfelt kan halde 1 unit. Fortified spaces kan halde 4 units. Kanariøyene kan halde uendeleg units.

    Spania og muslimske land
    Spania sin krig med Nasrid (fastlands-Spania) er 100% styrt av eit spesielt mandatory event og kan ikkje skje på anna vis. Nord-Afrika kan heller ikkje gå til krig mot Spania før dette eventet skjer.

    System som blir fasa inn etter kvart
    – Dei lysegrønne Tlemcen Berber feltene i Afrika (tur 4)
    – Naos som blir brukt til oppdagelsesreiser (tur 3 eller tur 1 for Portugal)
    – Gifteklare folk som helst gjeld Spania (tur 3)

    Ting som ein kjenner igjen frå Virgin Queen
    – Influence tracks for minor powers
    – Piracy

    For å få litt spesifikk innsikt i Frankrike, skriv eg om det her. Men det er sannsynligvis ikkje til hjelp for andre enn meg sjølv.

    — Frankrike-spesifikt —

    Adelen
    Frankrike har seks adelsfamiliar med kvar sin lojalitetstrack. Jo meir lojale dei er, jo meir sannsynleg er det at du får eit ekstra kort. Du kan bruke CP for å booste lojalitet. Maks lojalitet gir VP. For å få kort, må du også kontrollere eit felt på kartet (som hovudsakleg er i Frankrike). Ein familie er spesiell og kan ikkje bli boosta og vil ha ein allianse med Navarra.

    Jevnlige poeng
    Frankrike venter på ein mandatory event som gjer at kontroll i Napoli gir poeng. Det kjem i tillegg poeng for kontroll av den sørlege grensa mot Spania.

    Max frå Austerrike
    Tanto Monta har ein femte major power. Navnet hans er Max, og alt han gjer er å herje med Frankrike. Han angrip siege mot både Milan og Metz. Om Frankrike eiger dei, gjer han alt han kan for å beleire dei igjen og igjen. Om Frankrike enno ikkje har vore der, så fyller han på forsvaret. Om Frankrike har ein langdistansekrig på kort, kjem han der også. Timingen på når Max kjem ar mykje å sei for om det går bra eller dårleg med Frankrike.

    Handel
    Frankrike får inn ekstra ressursar om vinteren. Dette avhenger av kontroll på Italienske handelsbyar og CP-investeringar i Nord-sjøen etter eit bestemt kort kjem i spel.

    Frankrike sin langsiktige plan mot Italia
    Frankrike kan fritt krige med paven og med Naples, men ikkje med Genoa, Florence og Venice. Først må 3 traktatar ordnes. Den første er ein fredsavtale med England som skjer på ein mandatory event. Dette frigjer styrkane som tidlegare forsvarte mot England. Den andre er ein fredsavtale med Max frå tidligast tur 3 dersom Frankrike ikkje er i langdistansekrig med Burgundy eller Brittany. Dersom Max allerede har vore plagsom, koster det også eit kort eller ein ressurs. Dette avvæpner også Max permanent men ikkje i Milan. Den siste traktaten er med Spania. Denne skjer anten ved eit mandatory kort, ved at Frankrike gir opp kontroll langs grensa til Spania i Diplomatifasen eller på impuls eller ved at Frankrike gir frå seg kort og ressursar til Spania i Spring-fasen. Desse tre traktatene gir poeng og låser opp muligheten til full krig i Italia.

    Italia-poeng
    Når Frankrike eiger mange italienske byar får dei jevn strøm av poeng i Victory Determination phase.

    Paris
    Paris er ikkje tilgjengelig for andre spelarar og er ikkje teknisk sett på kartet.

    Møte mellom Portugal og Frankrike
    Dersom Portugal og Frankrike allierer seg og møtes langt inne i spania med to ledarar, får begge parter poeng for sin støtte til utbryterdelen av Spania.

    Catalonia
    Av franske ledarar, er det berre Anjou som får lov til å besøke heimlandet til Catalonia. Frankrike får lov å ta kontroll på Catalonske landområde med makt. Om Barcelona er spanskkontrollert i victory determination phase, så kapitulerer Catalonia. Om Catalonia fortsatt er fri, får Frankrike poeng. Frankrike får poeng for landområde som var Catalonske då dei gav opp så skifter dei kontroll til andre land etter visse reglar, som regel Frankrike eller Aragon.

    #4052
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Litt om kalkulering rundt battles på land:

    Field battle

    Attacker:

    Leader = 1 die per battle rating point from highest rated
    Regular = 1 die
    Militia = 1 die
    Cavalry = 1 die

    Cavalry charge?
    Yes = 1 die for 1st cavalry unit
    +1 die for every two cavalry beyond the 1st

    Defender:

    Defender = 1 die
    Leader = 1 die per battle rating point from highest rated
    Regular = 1 die
    Militia = 1 die
    Cavalry = 1 die

    Cavalry charge?
    Yes = 1 die for 1st cavalry unit
    +1 die for every two cavalry beyond the 1st

    Hits?

    Each «5» or «6» is a hit
    The first «4» is also a hit if at least one of the following:
    – 2 dice from regulars
    – 2 dice from cavalries
    – being the defender?

    A second «4» is also a hit if 4 dice is generated from these recourses.

    Winner?

    Most hits
    Defender in case of a tie

    Casualties?

    1 unit for every hit
    If both forces are wiped out – most rolled dice retains a unit
    If still tied – defender retains a unit

    Siege dice calculation on assault

    Attacker:

    Leader = 1 die per battle rating point from highest rated
    Infantry = 1 die per two units (1:1 if fortress not occupied)
    Cavalry = ignored
    Siege artillery = 1 die (2 dice if fortress not occupied)

    Defender:

    Defender = 1 die
    Leader = 1 die per battle rating point from highest rated
    Infantry = 1 die

    Assault successful if attacker gets at least 1 hit and retains at least 1 survivor and all defending units are lost.

    Unsuccessful assault if attacker scores no hits, lose all units, or has fewer units than the defender. Must retreat.

    #4053
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Det er ikkje uendeleg med kort, og dei korta som overstyrer reglane er ikkje umogleg å forstå. Etter to-tre fullstendige spelingar kjem det til å gå glatt 😇

    Spela i serien krever litt:

    1. vilje til å ta livet med ro i opptil 9 timar
    2. kunne sitje i ro lenge ved eit bord
    3. kunne lese engelsk
    4. kunne planlegge matrasjonar gjennom speleøkta

    Heldigvis har ikkje spelet idiotiske mekanikkar som gneg tidsmessig. Det er kun eitt trill i alle kampar. Lovely.

    Regellesing er ein tidstjuv, men det forsvinn etter kvart.

    5. kunne vise pågangsmot og vite at det blir betre

    #4055
    Sten Ole
    Participant

    4ar-trill i field battle
    Tell opp terningar du har fått frå:
    – infanteri
    – kavalri (+ kavalricharge)
    – ekstra-terningen for forsvar
    – ekstra terningen frå å vere trekantområde

    0-1: ingen hits frå 4
    2-3: maks ein hit frå 4
    4+: maks to hits frå 4

    Casualties i field battle
    Første hit tek ein hest om det var ein kavalri-charge. Resten må fordeles jevnt mellom milits og inf/kav om mulig. Også styrkar frå ulike land må tap fordeles jevnt om mulig.

    Forskjell på assault
    4arar gagnar berre forsvarer. Casualties treng ikkje å ta hensyn til unit-type. Alle tap kan f eks vere milits.

    #4077
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Eg har ikkje spelt dette, men det fristar ikkje så mykje. Dette fordi HIS og VQ er i grenseland kva ein kan forvente at fleire spelarar skal kunne av reglar, hugse desse lenge, og greitt å kome inn i etter ein pause. HIS og VQ er nesten der. Og har blitt spelt fleire gonger. Om Tanto Monta er 300 % meir komplisert, trur eg det ikkje kjem så ofte på bordet, og investmenten er ikkje så god. Men det som kanskje også bidreg til at det ikkje fristar, er at eg las ein negativ review på BGG som ser ut til å ha gode poeng (og samanliknar spelet med HIS), og så kjem designar inn (!) og kritiserer anmeldelsen og skriv slikt som at “totally disagree” og “The game has been worked on for years”. Veldig spesielt.

    https://boardgamegeek.com/thread/3244941/i-was-very-excited-tanto-monta-ultimately-it-left

    Edit: LOL! Etter eg posta dette, las eg heile tråden (maaaange innlegg). Og der dukka Sten Ole opp også 😅

    #4080
    Sten Ole
    Participant

    Var faktisk nyttig å lese reviewen til Stuart før me testa spelet. Då blei det ikkje så mykje regelsjokk. Han har mange gode poeng som designeren ikkje har godt tilsvar på utanom at Stuart ikkje har spelt nok.

    Eg treng meir erfaring før eg veit korleis eg stiller meg til spelet. Det kan godt hende at regelunntakene gir meining når ein speler sånn som spelet vil at du skal spele, og derfor blir dei ein meir naturleg del av spelet.

Viewing 6 posts - 1 through 6 (of 6 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.