Viayanagara

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • Author
    Posts
  • #4108
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Viagra

    Eit COIN-light! 3-player som fungerer bra. Kortstokken er liten og skummel. Ein må vere lur og samarbeide falskt for å få det til. I motsetning til dei ekte COIN-spela er dette meir oversikteleg. Anbefalast som ein primer til desse. Elles også eit bra konfliktspel.

    #4109
    Sten Ole
    Participant

    Rune klarte ikkje å stave navnet på spelet rett. Eg har berre spelt Andean Abyss (som eg synes er dritgøy sjølv om me ofte speler feil og alle har sur munn etterpå) så eg kan ikkje samanlikne det til noko anna.

    Vijay- er ikkje mykje mindre komplisert, men korleis du og dei andre på brettet ligg an er nok meir synleg enn i COIN-spel. VP er direkte samanlikna med andre, og spelet vil alltid bruke ca 98% av kortstokken. I vanlege COIN spel kan spelet vinnast tidleg, men ikkje her.

    Eg likte spelet, men vil nok foretrekke Andean Abyss pga at det føles som om Narcos-TV-serien er på bordet. Vijay- tikker alle boksane det treng som konflikt/diplomati-spel, og klarer det som eit 3-player-spel som imponerer. Korleis spelet slutter er flaks-basert fordi ein ikkje veit når det skjer nøyaktig. Så lenge ein ikkje blir heilt knesatt, har alle ein sjanse. Fordelen dette har over Andean Abyss er at dette er nok lettare å få på bordet fordi reglane i Andean Abyss er lettare å gløyme etter eit par månadar/år.

    Eg blei inspirert til å sjå ein film om perioden på Youtube. Spelet passar bra til temaet. Det er ein ganske rotete historie med mange faksjoner, familiedrap og eit maktapparat som berre fungerer så lenge terroren blir opprettholdt nok til at tributtstatane betaler skatten sin. Mongolhæren frå nord er ingrediensen som skal til for at alt sakte men sikkert rakner.

    Konklusjon: Spelet er kjempebra, men eg foretrekker nesten alle andre spel i sjangeren (Root, Andean Abyss, Rising Sun, Inis, Circadians: CO, Game of Thrones, Here I Stand, Diplomacy, Kemet, Fief). Me har for mange gode spel.

    #4110
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Viagramanana?

    Viharamanaja?

    Vijayzeemama?

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.