Wonderland’s War

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • Author
    Posts
  • #3753
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Wonderland’s War var ei særs positiv overrasking. Eg visste ingenting om spelet, før eg no har vore på ei gjennomspeling. Spelet var spelt av andre før, så dei hadde kontroll på reglane (som alltid er greitt), samt at reglane i seg sjølv er veldig greie å forstå/halde styr på.

    Det er mange ulike mekanikkar i sving, men alle heng flott saman. Det eg likte best, var den store valfridomen. Om du vil gå for mange mindre oppdrag (Feats), eller satse på å fullføre heile oppdragskort, er opp til deg. Om du vil involvere deg i krigar og sloss for poenga der. Om du vil byggje opp styrken på helten din, ein hær, hjelparar, utviklingar osv.

    Du kan køyre ein «plan» og halde deg til den, eller leve litt i nuet og sjå kva som til ei kvar tid skjer på bordet av tilgjengelege kort og andre spelarar sine posisjonar på konfliktområda. Eg køyrde «litt av alt» i går, og kombinert med at det var første gongen eg spelte, bidro nok det til at eg kom lågt poengmessig. Men det var ikkje spelet/reglane sin feil, berre min eigen. Eg trur gjerne ein heilt ny spelar kan vinne, så lenge ein finn gode planar/strategiar undervegs, kombinert med litt støtte ifrå trekkjeposen.

    Sjølv etter berre éi speling, plasserer eg Wonderland’s War høgt. Eg er klar igjen, både med fire og fem. Kvar runde var gøy, kampane gjekk ganske fort, og med ei realistisk speletid på 2-3 timar, er det perfekt å få inn som eitt av to spel ein spelekveld.

    #3754
    Sten Ole
    Participant

    Lite å tilføye ifm med spelet. Eg synes det er overraskande bra med tanke på at hovedmekanikken er å plukke brikker ut av ein sekk.

    Eg trur kanskje eg setter litt ekstra pris på spelet fordi eg har lest bøkene til Lewis Carroll. Historiane er berre tøys og fri fantasi med einaste røde tråden at me følger Alice gjennom Wonderland. Likevel er det mange fascinerande karakterer i Wonderland, der fleirparten i ettertid har blitt maltraktert av Disney og Hollywood. I barndommen hadde eg også mykje gøy med speladapsjonen til spelet på Atari ST som var ein text-adventure med bilder, eit av få det faktisk var mulig å få til.

    Plottet i Wonderlands War er at “the looking-glass”, som er ein av gatewayane inn til wonderland, har knust, med medfølgande madness shards overalt. Orden og logikk har lekka inn i Wonderland frå virkeligheten. Krigen i spelet handler om at skapningane i Wonderland mønstrer rundt dei sterke hovedkarakterane i spelet og slåss for å gjenopprette kaoset i Wonderland og forme det til slik ledaren vil skal vere. Queen of hearts vil f eks gjennopprette terrorveldet sitt. Alice vil ha ein trygg vimsete ferie-drøymeverden. The Mad Hatter vil ha galskap og teselskap. Osv.

    Tematikken kjem ikkje fram gjennom mekanikken i spelet, men det er fargerike illustrasjonar av kjente fjes likevel.

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.