-
Rune Hanssen started the topic Hallertau in the forum Spela våre: erfaringar og vurderingar 3 years, 12 months ago
Eit nytt Rosenberg på bordet. Eg og Sturla knakk regelboka og kom oss gjennom eit spel. Typisk Rosenberg men likevel forfriskande nytt innhald. Dynamisk workerbrett som eg tenkjer blir gøy med fire spelarar. Mykje logistikk for å utvikle eigedomen. Djupt og regelmessig luftig (sjølv om me treng ein liten purge).
-
Rune Hanssen replied to the topic SpaceCorps 2025 – 2300 AD in the forum Spela våre: erfaringar og vurderingar 4 years ago
Spelet har ein fin oppbygging til era 3. Synd randomfaktoren øydeleggjer så mykje der. Eg likar mekanikken og måla ein jobbar mot. Veldig god 3X feeling og komponentane er vakre.
Ser ikkje ut som det er planlagd noko hotfix til era 3. Houseruling er vel einaste håpet.
-
Rune Hanssen started the topic SpaceCorps 2025 – 2300 AD in the forum Spela våre: erfaringar og vurderingar 4 years ago
-
Rune Hanssen replied to the topic Twilight Imperium in the forum Spela våre: erfaringar og vurderingar 4 years ago
Twilight Imperium har for meg, etter mange spelingar, endra seg frå episk «exploration & development» til poengfokus.
Det er kjekt å leggje planar for å nå poengmåla, og som mekanisk speling fungerer det bra.
Det episke derimot har endra seg. All fluff og story er noko ein klistrar på i etterkant i staden for å føle det «live» i spelet.
Om…[Read more]
-
Jarle Haktorson replied to the topic Twilight Imperium in the forum Spela våre: erfaringar og vurderingar 4 years ago
OK! Jarle sin lange prat om tid og poeng følgjer:
Når me spelar TI4, plar det ta sju-åtte rundar før ein når ti poeng. Ein runde plar ta ca. ein time. Dvs. i effektiv speletid (etter oppsett osv.) tek spelet sju-åtte timar.
I går var me sju spelarar som på åtte timar effektiv speletid ikkje klarte å fullføre fem rundar. Dvs. at rundane i…[Read more]
-
Jarle Haktorson replied to the topic Twilight Imperium in the forum Spela våre: erfaringar og vurderingar 4 years ago
Ny ekspansjon. Sju spelarar. Alt ligg til rette for ein bra dag/kveld.
Den generatoren me har brukt før har vore god. Den har laga asymetriske, men samtidig ganske så balanserte brett. Me kan ikkje bruke den denne gongen, då den ikkje har ekspansjonen i seg. Me er difor tilbake til “pizza-modellen” og at alle får utdelt tiles som dei legg ut ein…[Read more] -
Rune Hanssen replied to the topic Gloomhaven in the forum Spela våre: erfaringar og vurderingar 4 years ago
Det varmar mitt hjarte at spelet blir spelt ❤️
-
Rune Hanssen started the topic Cooper Island in the forum Spela våre: erfaringar og vurderingar 4 years ago
Ein skal byggje opp sin del av øya ved å kultivere landområda og skaffe seg ressursar til å utvikle seg. Worker placement der ein må jobbe hardt for å få til noko. 2,5 timar med mykje spel og greie reglar.
Poengsummen med tre spelarar: 12-13-14
-
Jarle Haktorson replied to the topic Nasjonalt særforbund in the forum Generelle kommentarar? Forslag? 4 years, 1 month ago
Slik eg ser det, er det: Bli med, framleis få støtte, men at det “krever”(?) meir av oss. Eller; ikkje bli med, miste støtte, og vere “fri”(?). Vanskeleg å vite; her er meir info:
Litt mer info om hva det er foreslått at særforbundet skal drive med,
utover det å gi økonomisk støtte til foreninger slik som Hyperion gjør i
dag:
– Knytte sa…[Read more] -
Jarle Haktorson replied to the topic Brettspelblad in the forum Generelle kommentarar? Forslag? 4 years, 2 months ago
Her er Hyperion sitt eige magasin med masse spennande stoff, m.a. brettspelet si historie: https://issuu.com/magasinetpegasus/docs/pegasus_36_enkeltsider_144dpi_for_nett
-
Jarle Haktorson replied to the topic Nasjonalt særforbund in the forum Generelle kommentarar? Forslag? 4 years, 2 months ago
Eg nyttar Discord. Det er som ei blanding av eit forum og Messenger. Fungerer fint.
Til saka: Det kan sjå ut som med ny modell, at Hyperion ikkje får støtte, men at særforbunda får støtten. Usikker på dette: Her er ein presentasjon (og anna står på Discord):
https://www.dropbox.com/s/hqhq3vqst4vq95r/Hva_er_et_Srforbund__Srforbundspresentasjon_2.1.pdf?dl=0 -
Jarle Haktorson started the topic Nasjonalt særforbund in the forum Generelle kommentarar? Forslag? 4 years, 2 months ago
Fint om de les igjennom dette og kjem med innspel i denne tråden. Kort fortald handlar det om at Hyperion skal dele seg opp i særforbund og kva me (Kvinnherad brettspelklubb) tenkjer om dette.
Simen de Lange
ons. 7. okt., 16:35 (for 5 døgn siden)God dag
I forbindelse med at Hyperion skal gå over til en særforbundsmodell har
vi begynt å se…[Read more] -
Rune Hanssen replied to the topic Lisboa in the forum Spela våre: erfaringar og vurderingar 4 years, 3 months ago
Overraskande lite regelproblem 😂
-
Rune Hanssen started the topic Lisboa in the forum Spela våre: erfaringar og vurderingar 4 years, 3 months ago
Kjensla av å ha majones bak augene er nok ein gong sterk etter å ha blitt utsett for Lacerda sitt umenneskelege system. Likevel gøy for oss som likar å bli hypnotisert av brett som har all grafikk og symbolikk som eksisterer på Tellus.
Ser fram til regel-purge og neste omgang!
-
Jarle Haktorson replied to the topic A War of Whispers in the forum Spela våre: erfaringar og vurderingar 4 years, 4 months ago
Her er to variantar eg fann som fleire ser ut til å like:
#1) At end scoring, add an additional point for each unrevealed loyalty token. This encourages limiting swapping of loyalties as much as possible.
I particularly enjoy playing this way, because I think the most fun to be had is trying to make your initial bets work – as opposed to…[Read more]
-
Rune Hanssen started the topic Through the Ages in the forum Spela våre: erfaringar og vurderingar 4 years, 4 months ago
Hardcore-versjonen av Nations. Alle startar med same utgongspunkt og utviklar seg med kort. Ekspansjonen gav ingen umiddelbar merknad, mykje på grunn av at eg er langt frå toppnivået maskineriet kan nå. Det krev kunnskap om korta før ein kan bruke potensialet. Spelet er hardt og det kjem events ein berre kan håpe ein er i stand til å krype…[Read more]
-
Rune Hanssen replied to the topic Merchants & Marauders in the forum Spela våre: erfaringar og vurderingar 4 years, 4 months ago
Varianten vart ikkje gløymt, men me fann den ikkje 😂
Likevel varte ikkje spelet lenge. Med 3 spelarar gjekk det i underkant av to timar, og alle var flinke til å drive med «port activities» før og etter «turen» sin. Spelet kjendes betre ut no etter tusen år med speleerfaring.
Uansett er det viktig med D&R-innstilling før ein speler Merchant…[Read more]
-
Jarle Haktorson replied to the topic Merchants & Marauders in the forum Spela våre: erfaringar og vurderingar 4 years, 4 months ago
Eg les ut av dette at forslaget mitt i Messenger-gruppa ikkje vart følgt opp; alternativt poengsystem. Eg hadde skrive desse ut og trudde dei låg i boksen, men truleg ikkje då. Poenget med denne varianten er altså å hindre at alle berre køyrer fredeleg omkring og sel varer. Eg hugsar ikkje detaljane, men det var noko slik som at du kunne få 1-3 po…[Read more]
-
Rune Hanssen started the topic Merchants & Marauders in the forum Spela våre: erfaringar og vurderingar 4 years, 4 months ago
Igjen er spelet gravd opp frå gløymde sandstrender for på ny gje det ein sjanse. Tidlegare spelingar har vore prega av mykje ventetid og fiklete reglar. Siste test med 3 spelarar viser at spelet stiller i same sjangeren som Xia, Outer Rim og Western Legends. Reglane var no enklare å fordøye, sjølv om mykje framleis er litt kludrete. På din tu…[Read more]
-
Rune Hanssen started the topic Watergate in the forum 2-player: erfaringar og vurderingar 4 years, 4 months ago
Eit 45 minuttar langt spel med tautrekking som irriterer akkurat passeleg. Fine komponentar og mekanikk får fram det elles tvilsame temaet på ein god måte. Kortsystem der ein velgjer mellom «talmekanikk» eller «event» i drakampen.
Som fjerde statsmakt prøver ein å lenke bevis frå to journalistar opp mot Nixon.
Som Nixon prøver ein å blokkere…[Read more]
- Load More