Twilight Imperium

Viewing 15 posts - 16 through 30 (of 30 total)
  • Author
    Posts
  • #1999
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Den galaksebyggjaren fungerer fint. Brettet var interessant og leverte trass i skepsisen til Jarle som hadde mykje tomt rom rundt seg.

    Men Hacan treng berre hermetiske varer frå alle andre. Kva skal ein med planetar?

    #2425
    Sten Ole
    Participant

    Hmm… Eg har sjekka litt på bombardment-reglane. Noko me gjorde feil var at når du bruker bombardment på system med fleire planetar, må du fordele skipa mellom planetane som skal bombes.

    Eg er også usikker om me passa på at bombardment ikkje kunne brukes mot planetar med PDS, men det var så mange PDSar som forsvant, så kanskje dette ikkje var eit problem. Dette gjeld om eg hugsar rett ikkje for war suns.

    Når eg såg på nettet reiste det også litt tvil om du i det heile treng å sette infanteri på bakken for å gjere bombardment. Det ser i alle fall ut til at resten av brettspelverden ikkje krever dette. Eg fant ikkje noko offisielt som klart seier det eine eller det andre. Ein kan kanskje sånn halvveis støtte det på at bombardment kjem før “commit ground forces” i regelheftet. Jarle har vist seg å vere superior på regeljakt for TI, så kanskje han burde undersøkje dette spørsmålet når han har tid.

    Frå reglane under invasion, underoverskrift commint ground forces 44.2, siste punktet her:
    “If the active player does not wish to commit ground forces, he proceeds to the “Production” step of the tactical action.” Mellom linjene her, har ein altså gått gjennom invasjons-prosessen utan at spelar må bruke bakkestyrkar.

    • This reply was modified 2 years, 6 months ago by Sten Ole.
    #2427
    Thomas Thomsen
    Participant

    Det gir meining at et skip bare kan bombarde «once per action» aka bare 1 planet pr ship med bombardment.

    Trur ikkje vi brukte bombardment mot pds, men selvsagt kan kaoset igår ha fått meg til å glemme om det skjedde.

    Gir for min del meining at en kan fly inn å nuke en planet i filler uten å bosette seg der sjøl. Og at planeten går tilbake til ubebod og utenfor noens kontroll. Vil og gi spillet en helt ny trussel som vil endre litt hvordan det spilles iforhold til å forsvare seg mer en å makse så fort ut til nye planeter over stort område slik Jarle fekk tidligt igår.

    #2428
    Sten Ole
    Participant

    Spelet er ganske klar på at forsvarer beholder kontrol sjølv om bakkestyrkane blir utsletta.

    Angåande ikkje-reglar i går:

    Eg trur gårsdagen var beste TI-opplevelsen eg har hatt. Eg fekk herja litt med pirat-abilityen til rasen min. Eg klarte å tape den tidlige krigen mot løvene uten at eg blei eliminert. Eg fekk til fleire objectives enn nokon gong før. Eg klarte å få opp jukse-teknologiane til rasen som eg delvis klarte å bruke godt. Det viste at dei hadde late-game-styrke. Uheldigvis flykta alltid Øystein som gjorde at eg ikkje fekk bygd opp fleire skip via juksemetoden. OG… Eg fekk vere Mekatol-konge i 2 rundar. Det var også ein teoretisk mulighet for å vinne ei stund, men det var avhengig av å få imperialkortet på slutten (ikkje usannsynlig) og at resten av bordet ikkje såg trusselen (nesten umulig).

    Rasen var gøy, men samtidig er den pillage-abilitien plagsom å administrere. Eg valgte fleire gonger å ikkje utnytte han maksimalt. F eks når Øystein bruker trade-strategi-kortet: Han får 3 trade goods. Sug. Han trader nokre commodities med Rune. Sug. Han trader nokre med Jarle. Dobbel-sug. Men i praksis var det stress og lagde bare dårlig stemning, så eg veit ikkje om eg gidder å spele dei igjen. Du må heile tida følge med fordi bordet skriker ikkje ut kvar gong trade goods vandrer. Det er vanskeleg nok å huske alt det andre du kan gjere (sarween tools for rabatt på bygging, diverse ting som endrer det space canons kan gjere, teknologi som gir ekstra kort osv). Å holde stålfokus i 2 timar går fint, men når spelet varer i 9 timar, så blir du redusert.

    #2429
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Eg har ganske god kontroll på reglane i spelet og reknar med at folk spør om ein er usikre. Er eg sjølv usikker, så slår me opp og finn ut av ting.

    Fordeling av skip ved bombardment: Slik har me alltid spelt det. Om nokon brøyt regelen i går, har ein gløymt at det er slik.
    PDS beskytter mot bombardment: Dette står på PDS-en og er spelaren sitt ansvar å hugse på.
    War Sun mot PDS: Fjernar Planetary Shield; står også på War Sun-en og er spelar sitt ansvar å hugse på.
    Ground Troops og bombardment: Nei, du treng ikkje troppar med, du kan bombe i filler utan folk. Dette står også i reglane (med utheving av meg):

    INVASION
    Step 1—Bombardment: The active player may use the “Bombardment” ability of any of his units in the active system.
    Step 2—Commit Ground Forces: IF the active player has ground forces in the space area of the active system, he MAY commit any number of those ground forces to land on any of the planets in that system.

    Med andre ord; OM du har ground forces så KAN du lande dei. Med andre ord igjen; du kan ha bombarda utan å ha hatt med deg ein einaste Ground Troop inn i systemet.

    #2430
    Thomas Thomsen
    Participant

    For å beskrive gårsdagens runde begynner eg med Jarle sin regel oppsumering.

    Vi spilte igår slik at vi ikkje kunde bombarde uten groundforces og seinere at vi kunne. Så ordne seg til slutt. I og med at eigerskap forblir hos tidligere eiger om en bomber så trur eg ikkje den lille feile. Tidligt gjorde utslag.

    At vi muligens har brukt et bombarment ship på flere planeter i en invasjon er og muligens feil men her var vi hvertfall konsekvent og det blei retta opp i når noen tok det tilbake. Så sikkert ikkje rare utfalls endring her heller.

    Men forklar gjerne «Skilled retreat» kortet igjen ?

    Videre oppsumering av kvelden.
    Twilight leverer som alltids kvalitet, er morro om ein vinn, er morro om ein bare deltar. Som Rune sa igår på slutten så kan siste timen være drøy om unødvendig om ein ser vinner og det bare hår seint før den evindelige oppsumeringa og utdeling av Julegrisen.

    Personligt elsker eg den timen og, når alle options for mulige forandringer går som en kulevarmt rundt bordet. Såg en måte å hindre Jarle i seiern, men rota med turnorder og forklrte det til Tor Inge høyt, før eg forsto at Jarle var før han ? ellers kunne vi ødelagt hans home system.

    I det kaoset såg eg og en mulighet for seier om eg hadde gått MR med full pup, men gikk for hard på Tor Inge for å stoppe 1 av dei i frontløpet. Det ødela for meg sjøl. Så gikk nesten og planen gikk i vasken på et terningkast fra Sten Oles piratkanon på slutten. Samt min tabbe med å gjøre Jarle oppmerksom på åpningen hans hjemme.

    Ellers var den rasen eg spilte heilt ubrukelig kjedelig. Passer gjerne på den neste gang. 1 free infantry pr phase. Og kan bygge med verdi 5 når eg aktivere der flagshipet står, og er vel ikkje ofte det blir gjordt siden ein helst vil ha slik med i krig. Eg gjorde det 1 gang på 9-10 timer og glemte det selvsagt å gjøre det og ? eg hadde og noe suveren tech fra min race, wait for it, som gjorde at eg kunne få 2!! Infantry pr turn istedet for 1. Kraftige greier der på alle fronter.

    PS Til oss alle, neste gang tar vi ut kattene før Rune velger race så han får spille noe annet. Ser lenger opp at du har spilt dei 3 av dei siste 4 rundene. Pass em on ?

    #2431
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Kattane må alltid vere med!

    Men eg har spelt dei nok no ja.

    #2432
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Kvelden i går var akkurat så episk som TI skal vere. Spennande at så mykje skjedde i sisterunden og at alle var så nær å vinne.

    TI er det spelet me har som skapar mest engasjement på førehand før ein spelekveld, og som skapar mest engasjement på forumet etterpå. Om ein ikkje har det som favorittspel, kan ein same kva vere samd i at klubben samla sett set det høgt; viljen til å spele det kombinert med alle foruminnlegg i etterkant tyder på eit spel som treff mange.

    Samtidig merka eg i går at alle vala undervegs tek på; eg er jo VP-fokusert i TI og “vil” alltid gjere det rette valet. Då må eg alltid vege 3425 ting opp imot kvarandre, medan andre sit og ventar på kva som skjer… Det er jo berre mi “greie”, men eg skulle lært meg å slappe litt meir av og prøvd å kaste meg litt meir ut i ting. Men samtidig…eit spel varer berre ca. 7-8 rundar, så det er jo viktig kva ein faktisk brukar rundane på, og ikkje angre-angre-angre fordi ein berre gjer noko, for så tre sekund etterpå sjå kva ein jo sjølvsagt burde gjort. Men samtidig; det er jo også kanskje litt av sjarmen med TI.

    #2905
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Ny ekspansjon. Sju spelarar. Alt ligg til rette for ein bra dag/kveld.
    Den generatoren me har brukt før har vore god. Den har laga asymetriske, men samtidig ganske så balanserte brett. Me kan ikkje bruke den denne gongen, då den ikkje har ekspansjonen i seg. Me er difor tilbake til “pizza-modellen” og at alle får utdelt tiles som dei legg ut ein og ein på omgang. Me følgjer dermed oppsettet i regelboka.

    Men: Me bør gjere nokre tweeks i høve Setup (sjekk lenkje nedst for Living Rules):
    Step 1: Når me avgjer Speaker, bør me også trille for kvar me skal sitje rundt bordet. Eks. trill 1d8 og plasser deg etter talet, trill på ny om oppteke nr.
    Step 2: I staden for å velje faction fritt, bør ein få tildelt to stk.; ein random ifrå ekspansjonen og ein random ifrå hovudspelet. Så kan ein velje blant desse.
    Step 6.2: I staden for at Speaker plasserer tiles rundt Mecatol, blir det trilla for plasseringa av desse.

    https://images-cdn.fantasyflightgames.com/filer_public/51/55/51552c7f-c05c-445b-84bf-4b073456d008/ti10_pok_living_rules_reference_20_web.pdf

    #2906
    Sten Ole
    Participant

    Prophecy of kings

    Inntrykket er at dette er ein heilt grei ekspansjon på spelet som passer inn med alt det andre som allerede var der.

    Rasar
    Dei nye rasane ser ut til å ha sine særegenhetar, men er ikkje overpowered. Fleire har naturlegvis element som bruker nye grunnmekanikkar i spelet.

    Nye kart tiles
    Nye kart tiles var det beste med ekspansjonen. Kartet var meir komplisert samansatt med “hyperlanes” som både lagar kortare avstandar til fjerne strøk og nabosonar fjernare. Sannsynet er derfor større at du får ha samspel med alle spelarane rundt bordet. Nye planet-powers gav også ein grunn til å bry seg om andre planetar på kartet enn kjedelige mekatol. Andre kombinerte tiles med fleire element på var også ein lur vri i designet.

    Ledarar
    Ikkje så mykje å seie på desse. Du fekk ein ekstra knapp å trykke på som gjorde litt nytte her og der. Så fekk du etter kvart ein ultra-take-that ability midtveis i spelet som passa fint å bruke heilt på slutten. Dei påvirka spelet lite, syntes eg. Grunnkreftene til rasane er allerede ganske gode.

    Frontier tokens og exploration
    Planetane får ein liten boost, og du har potensial til å vinne fleire take-that-kort i exploration-bingoen. Eg var lite imponert. Dette sakka ned spelet og gav ingen stor glede for min del. Berre støy. Heldigvis overskygga det ikkje for “normal” speling.

    7-8 spelarar
    Dette var unødvendig. 6 spelarar er kanskje allerede for mange. Tidsmessig hadde 3-4 spelarar vore passelig, men då blir diplomatiet totalt søppel. 5 er sikkert optimalt… kanskje.

    Eg var fornøyd med egen speling i kveld. TI4 for meg har pleid å handle om å komme i dumme konfliktar slik at alt låser seg mens veteranane seiler ifrå på poeng. Denne gongen fekk eg bygd meg opp, danne gode naboforhold, sette mekatol-rusheren i sjakk, backstabbe bestevennen min når svakheten viste seg, sitte på mekatoltronen og alt mens poengene rasa inn. Lufta gjekk litt ut av kvelden etter at det blei klart at me skulle avbryte spelet uferdig. Sannsynlig vinner hadde nok vore Jarle om me ikkje hadde i fellesskap feid han av brettet før han tok oss på poeng. Heile brettet var ei tillitskrise på slutten som ikkje la til rettte for ein brei koalisjon.

    Honorable Knight award: Tor Inge
    (for sin hedersjobb med å slåss mot Jarle)

    Chaos Lord award: Øystein
    (for å uanmeldt sabotere kommunikasjonen innad i Rune-imperiet)

    Sleeping bear award:
    Marius (for å farme exploration til det ekstreme uten å slåss særlig)

    Survivalist award:
    Ola (for å overleve på tross av å tidlig havne i flishuggeren til Jarle)

    Trustworthy Ally award:
    Rune (for å kultivere godt naboskap med smågaver og fred)

    Plague infester award:
    Jarle (for å bygge eit militær som trengte eit heilt anna motsvar enn alle dei andre)

    Bestest Handsomest Hero award:
    Sten Ole (for å vere den helten universet trengte i kampen mot ondskap)

    #2907
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    OK! Jarle sin lange prat om tid og poeng følgjer:

    Når me spelar TI4, plar det ta sju-åtte rundar før ein når ti poeng. Ein runde plar ta ca. ein time. Dvs. i effektiv speletid (etter oppsett osv.) tek spelet sju-åtte timar.

    I går var me sju spelarar som på åtte timar effektiv speletid ikkje klarte å fullføre fem rundar. Dvs. at rundane i snitt var meir halvannan time; ein 50 % auke i tid. Kor mykje som skuldast ekspansjonen og kor mykje som skuldast at ein var sju spelarar, er eg usikker på.

    Konklusjonen er i alle fall at det varte for lenge. Slik eg les bordet når me gav oss, måtte me hatt tre rundar til for å vere ferdige. Då endar me opp på same talet rundar som før, sånn sju-åtte, men hadde vore ferdige i halv femtida om morgonen.

    Ok, det hadde jo då vore til fjorten poeng; hadde me stoppa på ti poeng, hadde me berre treng ein runde til. Og det gir eit interessant poeng: For om me hadde stoppa på ti poeng, hadde me altså berre treng seks rundar for å nå den summen. Med andre ord: Ekspansjonen gjer det enklare å få poeng, då originalspelet «alltid» krev sju-åtte rundar.

    Og det fører igjen tilbake til kvifor kvar runde kanskje tok for lang tid: Ikkje alle er fokuserte på poeng; då er det kanskje heller ikkje så lett å vite kva ein «vil», og ein endar opp med å sitje å tenkje eller berre gjere passive ting eller kaste seg ut i håplause krigar eller gi etter for hemnlyst eller berre seie pass.

    Eg likar poengjakta i TI. Jo, det er jo kjekt å vinne, men mest fordi den motiverer meg til å lage ein strategi som eg heile tida må tilpasse meg. Kvar runde har eg som mål om å

    a. Score eit Public Objective
    b. Posisjonere meg for å score eit anna Public Objective i neste runde
    c. Jobbe mot Secret Objective, ev. byte det ut.

    I går klarte eg ikkje å score noko i runde 1, men i runde 3 hadde eg klart å score alle tre Secret Objective, samt Public i runde 2 og 3; eg hadde også sikra meg for ny Public i runde 4.

    Det som dette gjer, er at det alltid gir meg plan. Grunnen for at eg difor av og til må tenkje, er på korleis denne planen skal setjast i verk. Slik som i går, i sisterunden før me gav oss, måtte eg tenkje på kva Strategy Card eg skulle ta; dette fordi eg ville posisjonere meg for TRE Public Objectives verdt totalt 5 VP på eitt trekk:

    Ved å til slutt ende på Warfare, hadde eg opninga mot Ola sin passive Diplomacy, slik at eg kunne gå inn i det aktuelle systemet. Der måtte eg då ta med meg nok skip til å etterpå ha minst fem non-fighter skip i same system (1 poeng), fem Structures på fem planetar utanfor Home system (2 poeng, og eg hadde eit action kort som tok over Ola sine PDS’ar etter invasion), samt at dei to planetane eg tok hadde begge attachment til seg (2 poeng for å eige tre slike planetar).

    Med andre ord; posisjonering for å score poeng; denne runden, eller neste (eller neste der igjen). Men det endar altså opp med: Det gir ein plan.

    Det er nok difor eg likar TI4 så godt. Det er som eit avansert sjakk, der eg må analysere brettet og motspelarane sine trekk, samtidig som eg jobbar meg mot Objectives på hand eller på bordet. Heile tida med ein plan, og det er meir enn kva eg har i mange andre spel eg spelar.

    #2908
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Twilight Imperium har for meg, etter mange spelingar, endra seg frå episk «exploration & development» til poengfokus.

    Det er kjekt å leggje planar for å nå poengmåla, og som mekanisk speling fungerer det bra.

    Det episke derimot har endra seg. All fluff og story er noko ein klistrar på i etterkant i staden for å føle det «live» i spelet.

    Om eg skal samanlikne Twilight Imperium med episke spel som Here I Stand og Virgin Queen, kjem det til kort. Eg vil heller bruke ni timar på desse om eg får velgje.

    Twilight Imperium er framleis eit bra spel, og eg trur det er kjekkare med fem spelarar. Kanskje til og med fire.

    Ekspansjonen har eg ikkje noko å utsetje på. Om eg skal kommentere Sten Ole sin skepsis til den nye exploration-mekanikken, så trur eg den fungerer betre no når me veit kva den gjer. Det er berre å trekkje kort i stillhet, og annonsere oppdagingane om ein føler for det. Den gjev eit lite puff for å bevege seg på brettet.

    #2909
    Thomas Thomsen
    Participant

    Ekspansjons delene Spenole beskriver høres morro ut. Håper å teste det ein dag.

    At det er fleire måter å spille på er vel å bra, at noen kjøre poeng fokus og andre story er og «to each his own».

    Ser ut fra kommentarene ut som 7-8 player aldrig kjem til å la seg gjennomføre. Pre ekspansjoner var vel og dryge gjennomspillinger siste 3-4 gangene, der dei siste 2-3 timene utelukkende er poeng fokus, ikkje nødvendigvis på å skaffe seg poeng men og for å unngå kingmaking. Noe som har skapt furore tidligere, ironisk nok siden spillet legger veldig opp til det.

    Og personligt har dette fjerna spillet fra min top5 liste. Er eit heilt sjef spill, og det kan nok være det igjen for min del. Men ikkje verd 8-10 timer der siste timene egentlig bare er kjedelig og drøy for min del.

    Etter hver av dei 3-4 siste rundene har det alltid vært interesse for å teste med 3-4 players for å se. Men kjem aldrig opp eller blir alltid satt opp for 6. No med opp til 8.

    Personligt ser eg på spillet som et galaktisk eventyr der krig og diplomati skal føre til herskerskap, total dominans.at du oppnår det av p i rett sekund hadde 3 grønne planeter eller en foghter i 2 meteorstormer blir og noe eg ikkje er heilt fan av. Dette er som sagt mitt syn på det og eg veit det ikkje deles av alle. Derfor eg ikkje meldte meg på denne gangen. Siste rundene har vært omtrent identiske, i hvem gjør hva, når det skjer og på hvilke tidspunkt det skjer. Ja det kan forhindres men da er ein tilbake på kingmaker problematikken. Gjør ein det som er gøy så velger du vinnern, går ein for egne poeng for seint så er det og med på å la den som leder uhindra få sine siste poeng. Dermed tvinger nesten spillet frem at ein skal ha poeng fokus fra runde 1 som Jarle sier. Men slik nekter eg sitte i 10timer. Bare ikkje min greie.

    Noe av utfordringen med store episke spill som tar lang tid blir for meg liten klubb. Vi kjenner hverandre for godt og det blir ein svakhet som klubb i slik setting. Husker første gangen Spenole var med på TI, beste kvelden ever i spillet. For han visste ikkje hva han dreiv med, vi skjønte og visste ikkje hva den kødden skulle gjør. Skapte total ubalanse og uforutsigbarhet i den kvelden som var heilt konge. Anna stor endring var når Ola var med første gang og blei kingmaker av alle makers. Det skjer ikkje igjen med ein pool av 7 aktive i eit 6 player game.

    Om ein hadde hadt luksusen å spilt TI 2-3 ganger i året med 1-3 nye rundt bordet for hvergang. Så trur eg spillet hadde kommen tilbake på topp5 for min del.

    #2910
    Sten Ole
    Participant

    Eg er uenig, Thomas. Med nesten alt.

    #2911
    Thomas Thomsen
    Participant

    Eg forvente at ingen er enig med meg her Sten Ole😂 siden dette er det spillet i sjangeren 6+timer som blir spilt av flest folk, omtrent alltid fullt bord og det kjem alltid på bordet iløpet av året.

    Eg har ingen problem med det👍🏻

Viewing 15 posts - 16 through 30 (of 30 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.