Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Time of Crisis › Reply To: Time of Crisis
Det tok si tid før age of iron and rust nådde bordet. Det er ein uproblematisk ekspansjon med nye kort og nye måtar å vere emperor. Me fekk vel berre testa ein ny måte å vere emperor på, men spelet fungerte like godt. Det var kjekt å ha nye kort å velge mellom. Mitt inntrykk av ekspansjonen er nøytral fordi eg synes spelet er stort sett uendra frå original-spelet og det blei verken betre eller verre.
Time of Crisis er eit kvalitetsspel som eg set pris på fordi det blandar mange spelelement på ein interessant måte. Den todimensjonale inndelingen av politisk makt og militær makt er herlig. Det er også middelhavsspelet som får deg til å føle at det geografisk er verdens minste plass. Alle er bare ein kort ferjetur frå Roma. Du er tett på samtlege naboar, og ingen har ein grunn til å gi deg særlig fred.
—
PS: Eg har ikkje gått særleg i regeldybden angåande angrep på barbarar i heimlanda deira, men eit kort søk på BGG har fleire trådar der det kjem tydeleg fram at det ikkje berre er mulig og rett, men at det også er lurt å angripe barbarane på heimebane.