Årsmøte + speling!

Del

Årsmøte + speling!

Map Unavailable

Dato / Tidspunkt

Date(s) - 20/02/2020
18:00 - 23:30


Ledige plasser: 10
Tekne plasser: 5


Årsmøte i Kvinnherad brettspelklubb

Hei, alle medlemmer, tidlegare medlemmer, komande medlemmer, sympatisørar og godtfolk elles!
Ta del i årsmøtet vårt, ta for deg av mat og drikke og ver med på speling etterpå!

Me arrangerer årsmøte i Kvinnherad brettspelklubb torsdag 20. februar kl. 18 på Kvinnherad Folkebibliotek.

Saksliste for årsmøtet:

  1. Godkjenning av innkalling og saksliste
  2. Val av møteleiar og referent
  3. Årsmelding frå styret
  4. Rekneskap
  5. Kontingent
  6. Vedtektsendringar
  7. Val etter vedtektene
  8. Innkomne saker

Røysterett for alle som har betalt medlemskontingent for 2020.
Ikkje-medlemmer er også velkomne!

Saker ein vil ha opp på årsmøtet må vere styret i hende innan 19. februar. Bruk e-post: post@brettspel.no
Speling: Etter det formelle årsmøtet blir det brettspeling!

Velkommen!

Med helsing,
styret i kvinnherad brettspelklubb

Påmelding

Påmelding er stengt for dette arrangementet.

12 Comments

  1. Når det gjeld spel etter årsmøtet:
    Fem påmeldte til møtet. Så stikk Sten Ole; nede i fire. Men så kan brått 1-2 dukke opp; påmeldt eller ei. Difor bør me ha plan for 4-6; alle er spel ifrå kjellaren:
    4: Root + ev. War of Whispers.
    5: Court of the Dead + ev. Secret Hitler.
    6: Rex + ev. Secret Hitler.

  2. LES DETTE FØRST!!
    1. Fint om alle kan betale medlemsskap før årsmøtet. Betal kr. 50 til Kvinnherad brettspelklubb på Vipps (#549584). Meld gjerne inn fleire om gongen, som familiemedlemmer!
    2. Det blir kåring av beste spel som sist!! Lag di eiga Topp 5-liste som du presenterer på årsmøtet!!
    3. Det blir servert mat, drikke og snacks; detaljar kjem etterkvart.

Leave a Reply