Reply To: Maracaibo

#2842
Sten Ole
Participant

Maracaibo er eit spel der ein tilsynelatande seiler rundt aleine i Karribien, legger sin eigen kabal med kort og opparbeider grunnlag for eigne poeng. Men dette er heilt feil.

Planen din blir forkludra heile tida. Andre skip leverer varer og metter etterspørselen. Andre oppdagelsesreisande tek bonusane som du skulle ha. Questane “dine” er det andre som fullfører. Andre spelarar booster land som du ikkje har innflytelse med. Og kanskje verst av alle er den jævelen som freser gjennom sjøen i 100 knop. Spelet avsluttes då mens du ennå er i ein oppbygningsfase.

Spelet legg opp til at du må overvåke motstandarane. Du må av og til gi opp den optimale handlingen for å kapre ressursar som ellers blir tatt frå deg. Ofte er det best å gi opp Spaniakampanjen din når du ser at England har fått fleire piratar som allierte. Spaniakampanjen kan du gjenoppta etter at du har blitt England sin nye poster boy. Om nokon heiser til fulle seil og reiser fort, må du korte ned planen din til det heilt essensielle.

Om du er heldig stemmer alle desse snuoperasjonane godt med korta du har på hånd og pengane du har i skattekista di. Om ikkje så får du nøye deg med nest-sisteplass foran Rune.