Reply To: Republic of Rome

#2851
Sten Ole
Participant

reglar, reglar, reglar… (eg taper krigen, men kjemper vidare til augene tørker inn og hjernen råtner)

Krig
Eg trur det skjedde mykje rart i håndteringa av krigskorta. Men konseptuelt gjorde me mykje rett. Av og til.

Når eit krigskort dukker opp skal det i utgangspunktet i “inactive wars”. Om kortet har eit skjold-symbol, går det rett inn i active wars. Om krigen matcher ein annan krig på brettet, går kortet til imminent wars, saman med eventuelt den matchande krigen om den var inactive.

I fasen der immiment wars flytter opp til active wars, kjem berre eitt av korta i situasjonen at det er fleire kriger av same type der. Kortet med lågast tal kjem først, altså 1st før 2nd.

Som me seinare fant ut skal verdien på krigar doblast eller tripplast osv om det er fleire av same typen som er aktive.

Når tapskriteriet på 4 aktive krigar blir vurdert, teller fleire kort i same krigen som 1 krig.

Me gløymte å utføre “drought”-symbolet som er på nokre av krigskorta. Denne gir +1 unrest per symbol i population-fase (før leiaren taler).

Kamp
Me gløymte å trekke chits når units daua for å sjå om kommandøren døydde (eller blei fanga). Merk at kommandøren dør uansett i ein defeat.

Ordne Roma
Etter forumfasen skal me trille på alle senatorane og øydelagte consessions. På 5 eller 6 kjem dei tilbake i spel inn i forum, der me dele ut consessions i senatsfasen. Senatorane kan persuadast neste forumfase.

Dersom mindre enn 8 senatorar er styrt kollektivt av alle spelarane, kjem øverste senatoren i curia rett i kontroll på spelaren med færrast senatorar. Tie breaker er at spelaren med lågast influence får senatoren.

Korrupsjon
Provinsar gir minor corruption (rød markør) om det blir tatt utbytte. Consessions som gir utbytte (dette må gjerast om det er mulig) trekkes ut og teller som minor corruption. Alle med titlar etter forumfasen skal ha ein major corruption (flippa rød markør).

Etter at det censor har kjørt gjennom rettsaker, forsvinner all korrupsjon. Han går ut på dato.

Prosecution
For å føre ein rettsak må ein annan senator enn censor vere frivillig prosecutor. Denne senatoren kan tjene litt influence på dette, men risikerer konsekvenser i tabellen om den anklagde er veldig populær og triller godt.