Republic of Rome

Viewing 11 posts - 1 through 11 (of 11 total)
  • Author
    Posts
  • #1757
    Sten Ole
    Participant

    Eg har gjort eit begrensa støt mot å lese reglane i spelet. Eg har tenkt å oppsummere diverse her, kanskje mest for meg sjølv, men eg må innrømme at reglane fortsatt på visse punkt virker uhensiktsmessig pirkete og spesifikke. Det er sjanselaust å ha kontroll på alt. Reint overfladisk virker spelet enkelt, men det er mykje spesialreglar som utvilsomt må slås opp kvar gong det blir gjort… Gjorde eit hedert forsøk på å formatere punktlista, men det feila…

    Du har ein gjeng med senatorar. Dei har kvar sin bankkonto og diverse verv. I tillegg har du som faksjon ein felles konto. Kvar runde kjem Roma i potensielt større problem med krigar eller andre kriser. Nye senatorer og lukrative verv kjem på banen. Samtidig er det ein intern maktkamp i Roma som må vinnast. Senatorane dine kan også bli sendt ut på slagmarka mot barbarane som konsuler for Roma og vinne heder og ære. Eventuelt kan hæren brukes mot Roma som rebelar. Velg konsul med omhu med andre ord.

    Seierskriterier:
    – Du er rebel og knuser Roma i kamp
    – Du er rebel og Roma går konkurs
    – Ein senator klarer å bygge opp 35 influence og det er ingen rebelar
    – Ikkje-rebel faksjonen med mest influence totalt vinner om “Era Ends”-kortet kjem fram

    Tapskriterier:
    – Roma går konkurs
    – Det er 4 aktive krigar
    – Siste senatoren din dør og du gir opp
    – Triller dårlig i population phase
    – Du er lojalist og taper mot rebelen

    Rundane er delt inn i ørten fasar:
    – Mortality phase:
    + Ein tilfeldig valgt senator dør.
    + pluss litt til
    – Revenue phase:
    + Senatorane dine får pengar. Pengane kan bli omdistribuert som du vil mellom bankkontoane.
    + Provinsar blir kanskje “developed”
    + staten betaler for krigar og ståande hærstyrkar
    – Forum phase:
    + Det blir kjørt 6 “initiativ”, ein per spelar pluss resterande “initiativ” blir auksjonert ut. Initiativ består i samtlege punkt:
    * Trille for om det blir ein event eller om du får trekke eit kort som kanskje kjem i spel. Korta kan vere til gagn for deg eller det kan for eksempel vere ein krig som nærmer seg.
    * Forsøkje å overtale ein annan senator å bli med på din faksjon (består i å trille og evt bruke penger. Dette kan vere andre sine senatorar eller ferske senatorar fra familiar der nokon har dødd).
    * Samle knights eller bruke knights til å samle penger
    * Sponsor games (Senke unrest og bli populær)
    * Bytte faksjonsleder om du vil
    + Senatorar som har viktige verv blir markert som korrupte
    + Senatorfamiliar og verv kjem kanskje tilbake til politikken (må trille 5 eller 6)
    + Pluss litt til
    – Population phase:
    + Det blir holdt tale i form av ein 3d6 og opplesing på ein tabell. Som regel er det dårlige ting som skjer.
    – Senate phase:
    + Forhandlingar og bestemmelser. Ting som må avklarast i løpet av runden:
    * Rome/field konsul nominert som eit par. Om alle mulige par er nedstemt, blir dei resterande 2 senatorane konsular.
    * Censor må bli valgt frå dei som er tidlegare konsul og ikkje har andre viktige verv. Censor er sjef for å straffeforfølge korrupte senatorer og snikmordarar. Han deklarerer med ein gong om nokon skal straffeforfølges (max 1 stor straffesak eller 2 småsaker).
    – Straffeforfølgelse krever ein villig senator som er aktor.
    – Saken blir avgjort med vanlige stemmer. Forsvareren får i tillegg “poeng” for å vere populær.
    – Forsvarer kan også be om folkeleg støtte ved å trille terningar der tabellen bestemmer
    – Ved domfelling i ein stor sak blir forsvarer drept og aktor får ein “prior consul” markør og halve influencen til forsvareren.
    – Ved domfelling i ein liten sak mister forsvarer popularitet, influence, “prior consul” markør og småverv.
    * Provins-governørskap må deles ut.
    + Bestemmelser som kan gjerast:
    * Diktator-vervet kan deles ut om dersom Roma er i krise krigsmessig (konsulane kan bestemme dette sjølm om dei er enige). Diktatoren blir ny møteleiar. Diktatoren gir vekk vervet som Master of Horse til ein senator.
    * Land bills kan vedtas for å blidgjøre befolkningen på bekostning av statskontoen. Litt knasete reglar rundt fjerning av desse lovene som kan medføre åpning for snikmord.
    * Mobilisering og utsending av hær eller flåtestyrker på statens bekostning. Utsending krever at ein konsul (field konsul først) eller diktator forlater roma og ikkje kan stemme meir.
    + Møteleder er i utgangspunktet den personen med viktigaste verv. Møtelederen legger fram sakene som blir stemt på. Dersom møtelederen ikkje vinner gjennom med ei sak og blir nedstemt av alle motfaksjonane, må han enten miste 1 influence eller gi møtelederpinnen vidare til nest høgaste rangerte senator. Møtelederen har også makt til å tvinge stopp av diskusjonar for avstemning og kan avslutte møtet dersom alt det obligatoriske er utført.
    + Bare dei som er i Roma kan stemme. Det betyr at Governører, proconsular, fangar, opprører-senatorar og dei som har reist i krig ikkje får stemme.
    + Snikmord kan utføres med snikmord-kort. Dette kan gjøres midt i ei avstemning. Dette er gjort ved trilling og oppslag på ein tabell. Snikmord kan gå veldig galt for alle parter.
    + Tribunekort er eit kort som gjer at andre enn møtelederen kan legge fram ei sak, samt så inn ei sak før møtet er avslutta. Det kan også brukes til å legge ned veto mot eit forslag.
    + Consul for life deles ut dersom ein senator oppnår 35 influence. Det kan også bli gitt ved avstemning til ein senator med meir enn 20 influence. Den som har consul for life tar over kontroll på alle faksjonane utenom hovedrebelen og styrer alle.

    – Combat phase:
    + Kampar blir utført med å legge saman hærane med militærstyrken til konsulen og resultatet av 3d6 og slå opp resultatet i forhold til tala på krigen og tabell. Først sjøslag som i nokre krigar må vinnes, så slaget på land. Sjøslaget treng ein berre å vinne ein gong. Slaget på land kan berre utkjempes om det er stor nok flåte til å støtte krigen.
    + å vinne sjøslag eller landslag minsker unrest i Roma.
    + Dersom krigen er vunne, får senatoren popularitet og influence og statskassen fylles.
    + Senatoren kan dø om slaget går forferdeleg. Senatoren kan også bli tatt til fange.
    + Dersom slaget ikkje får eit avgjørande resultat, blir senatoren ståande som proconsul.
    + Å la kriga skje uten å kjempe leier til unrest.

    -Revolution phase
    + Spelarane får spela statesmen/concession-kort
    + Sjekk på at ingen har meir enn 5 faction-kort på hånd
    + Dei som har vunne ein krig kan returnere hæren sin til Roma eller erklære borgerkrig
    + Når det finnes ein rebel får ingen andre faksjonar lov til å gjere opprør
    + Senatorane innenfor faksjonen må enten vere lojale mot staten eller rebelen. Om dei blir rebeler også, kan dei bruke pengane sine til å støtte han og er immun mot persuasion-checks.
    + Senatet må sende ein hær for å slåss mot rebelen eller tape.
    + Samme kampreglar som vanleg blir brukt mot rebelen. Senatshæren er den aktive part.
    + Om rebel-hæren din taper, dør alle senatorane som støtta kuppet.

    • This topic was modified 2 years, 4 months ago by Sten Ole.
    #1430
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Eg testa dette spelet saman med Sturla og ein til for å lese reglar. Spelet er ganske oldstyle med fleire phases med lange lister med punkt som skal gjennomkøyrast. Dette er slitsomt å finne ut av sidan regelboka er laga av Satan. Spelet er i bunn og grunn eit kortspel og har tre decks som simulerer ulike periodar. Ein kan velgje å spele ein deck eller kombinere alle for eit sjutimarsspel. Første deck handlar mest om samarbeid for at ikkje Roma skal falle og alle spelarar tapar. Ein styrer faksjonar med senatorar (som plutseleg kan døy i starten av ein runde når ein trekk brikker frå mortality cup) der målet er å samle mest influence til slutten av spelet, men ein kan vinne tidlegare med meir dramatiske og vanskelge metodar. Om studievennene mine vil vere med, tar eg det gjerne fram igjen.

    Republic of Rome

    #1432
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Supert! Eg ser at det har veldig informasjonsrike reviews, med masse nyttig stoff i seg for å forstå spelet. Det står også at du bør laste ned reviderte reglar/player help. Speletid er visst seks timar for fullt spel. Som sagt innhaldsrike reviews.

    #1765
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Dette var knallbra, Sten Ole! Flott at du har teke deg tid.

    Eg forstår det også slik at dette i utgangspunktet ikkje er så vanskeleg, men forklart veldig vanskeleg. Ein kjem nok heller ikkje utanom å slå opp somme tider, men det treng ikkje gjere noko om ein veit “kva” som skjer og at ein finn greitt fram.

    Når eg tok med meg spelet, leita eg så igjennom BGG-filene. Der var det fleire som peika på dette med regelboka og at den gjorde spelet vanskelegare. Så fann eg ei fil som veldig mange likar; ein som har komprimert ned ein “treng” vite til åtte sider. Ifølgje han sjølv nyttar regelboka ofte unødvendige eksempel og all nummereringa er berre forvirrande. Eg har lese skrivet, og spelet ser ikkje vanskeleg ut når ein les det: Komprimerte reglar

    Eg ser også at mange meiner det er ein Redraft av Living Rules som er “gjeldande” når ein skal forstå alt i detalj; dei har også droppa nummereringa, og skal visst vere god for å forstå spelet; eg har ikkje lese den, men kjem der også:
    Living Rules

    #1766
    Sten Ole
    Participant

    Å studere reglar på regelbok/notat-måten er sjelsdrepande. Det kan godt vere mulig at Republic of Rome er det spelet som regelmessig beseirer meg, som eg ikkje klarer å vrenge hodet rundt. Eg må sei at spelet har, utenom regelheftet, nok av elementer som eg er litt skeptisk til. Eg har ein teori om at spelet i praksis ikkje vil vere eit eg vil like. Fordi:

    1. Spelet er for det første veldig tilfeldighetsstyrt. Og ikkje tilfeldig på små element, men meir på den måten at om du triller dårlig på den eine tingen så er spelet over. Og det er kanskje tilgiveleg i eit spel som ikkje varer så lenge, men dette spelet har eit meir “episk” tidsspenn. Då er det bittert om spelet tar slutt om senatsledaren triller dårlig ein runde.

    2. Spelet mangler design-eleganse. Dette er eksemplisert i ein regel der du triller for events. Du skal trille 2d6. Om du triller 7, skjer A, om ikkje skjer B. Samme operasjonen kunne vore gjort med 1d6. Spelet er fylt av unødvendige komplikasjoner som gjer spelet seigare uten å gi noko meir innlevelse i tematikken.

    3. Forhandlingssdelen virker som om han nesten må vere basert på ting utenfor spelet. Dette fordi at som spelarar vil i alle fall i begynnelsen stille ganske likt. Situasjonen er nesten heilt symmetrisk. Så kva gjør at speler A inngår avtaler med speler B? Det blir bare basert på kven som sit på sida av kvarandre eller forhold utanfor spelet. Ser du for eksempel på Diplomacy som moteksempel vil du ha ein assymmetrisk situasjon på brettet som gjer at du har grunnar på kartet for å forhandle på måte x eller måte y.

    Me må likevel spele det på eit eller anna tidspunkt fordi:

    1. Det har blitt bragt fram i søkelyset til klubben så mykje.

    2. Sunk cost falacy-prinsippet. Eg har allerede gitt for mykje av sjela mi for å setje meg inn i uhyret (utan at eg nødvendigvis forstår og kan alt).

    3. Ein av reglane i spelet er at offentlege avtalar må holdast om det er mulig. Dette gjelder også avtalar som strekk seg framover i tid. Dette er noko eg ikkje har vore borti før så eg er nysgjerrig på implikasjonane.

    4. Spelet skal beseires. Må beseires.

    #2839
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Eg har no bestilt romerske miniatyrar for å lage props til Highest Ranking Official Tokens. Trur spelet blir kulare av den grunn.

    #2850
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Rep

    Første reelle speling er endeleg gjennomført, og personleg likar eg mykje av spelet. Reglane er rotete og må kryssjekkast med BGG-forum før ein kjem i mål. Republic of Rome er ikkje for kven som helst, men eg har tru på at det ordnar seg for oss som vil bruke tid på det.

    Her er link til «streamlined rules» – KLIKK

    Me diskuterte reglane grundig. Eg trur mykje er gjort riktig, og nokre idear er feil. Ein god player-aid er det som skal til.

    #2851
    Sten Ole
    Participant

    reglar, reglar, reglar… (eg taper krigen, men kjemper vidare til augene tørker inn og hjernen råtner)

    Krig
    Eg trur det skjedde mykje rart i håndteringa av krigskorta. Men konseptuelt gjorde me mykje rett. Av og til.

    Når eit krigskort dukker opp skal det i utgangspunktet i “inactive wars”. Om kortet har eit skjold-symbol, går det rett inn i active wars. Om krigen matcher ein annan krig på brettet, går kortet til imminent wars, saman med eventuelt den matchande krigen om den var inactive.

    I fasen der immiment wars flytter opp til active wars, kjem berre eitt av korta i situasjonen at det er fleire kriger av same type der. Kortet med lågast tal kjem først, altså 1st før 2nd.

    Som me seinare fant ut skal verdien på krigar doblast eller tripplast osv om det er fleire av same typen som er aktive.

    Når tapskriteriet på 4 aktive krigar blir vurdert, teller fleire kort i same krigen som 1 krig.

    Me gløymte å utføre “drought”-symbolet som er på nokre av krigskorta. Denne gir +1 unrest per symbol i population-fase (før leiaren taler).

    Kamp
    Me gløymte å trekke chits når units daua for å sjå om kommandøren døydde (eller blei fanga). Merk at kommandøren dør uansett i ein defeat.

    Ordne Roma
    Etter forumfasen skal me trille på alle senatorane og øydelagte consessions. På 5 eller 6 kjem dei tilbake i spel inn i forum, der me dele ut consessions i senatsfasen. Senatorane kan persuadast neste forumfase.

    Dersom mindre enn 8 senatorar er styrt kollektivt av alle spelarane, kjem øverste senatoren i curia rett i kontroll på spelaren med færrast senatorar. Tie breaker er at spelaren med lågast influence får senatoren.

    Korrupsjon
    Provinsar gir minor corruption (rød markør) om det blir tatt utbytte. Consessions som gir utbytte (dette må gjerast om det er mulig) trekkes ut og teller som minor corruption. Alle med titlar etter forumfasen skal ha ein major corruption (flippa rød markør).

    Etter at det censor har kjørt gjennom rettsaker, forsvinner all korrupsjon. Han går ut på dato.

    Prosecution
    For å føre ein rettsak må ein annan senator enn censor vere frivillig prosecutor. Denne senatoren kan tjene litt influence på dette, men risikerer konsekvenser i tabellen om den anklagde er veldig populær og triller godt.

    #2852
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Albonius kjende blodet straume. I dag skulle han gjere Jarlonius-faksjonen stolt! Han såg ned på kniven. Den skulle inn i strupen på den altfor mektige Macedonius ifrå Stenolius-faksjonen. Hans død ville bringe fred til heile Roma, eit Roma som var i klørne til Stenolius-faksjonen og hans medsvorne. Albonius såg seg sjølv bli løfta og jubla fram av folket, i det ei ny tid for Roma skulle vekse fram!

    “Eg klarar dette sjølv”, tenkte han, “leigemordarar er bortkasta pengar”. Han sneik seg bak Macedonius, haldt kniven i stødig hand… “DØ, SVIN!”, ropte han, medan knivbladet snitta seg såvidt under haka på Macedonius, før han glapp taket på kniven som segla bortover rommet. Rundt han stod tre andre senatorar og sju vakter og såg på han. “Eh…”… Fire sekund seinare låg Albonius død på bakken.

    Furius; som faksjonsleiar for Jarlonius, står du her tiltalt for å ha tillete angrepet på Macedonius; kva svarar du?!
    Eh…jo, altså…
    Du skal tilatale oss som “Ærede forsamling” og hedre gudane før du seier noko!!!!
    Ehh…ærede forsamling og ærede gudar…eh….de vil vel ikkje gjere noko mot stakkars meg…? Eg som har vore Censor i fleire periodar og greier..?
    Der du utnytta din posisjon til å skjule forbrytelsane til dine eigne?!?!
    Eh..ja, kanskje, men eh…tenk om Albonius hadde klart drapet, det hadde vore bra vel, men Fortuna var ikkje på mi side, jævla gud, og så…
    Så du innrømmer korrupsjon, innrømmer drapsforsøket og spottar gudane!?!?! Dette er den mest elendige forsvarstalen eg har høyrt nokon gong!!! Av med hovudet hans, og dra fram resten av Jarlonius-faksjonen sine elendige senatorar, så me kan dømme dei også!!!

    Macedonius klarte ikkje å skjule smilet sitt. Hans posisjon var no endå tryggare. No kunne han endeleg diktere Roma som han ville. Han måtte berre kvitte seg med nokre små krigar først…

    Slike ting som dette, og meir, er med på å gjere “Republic of Rome” til eit veldig gøy spel!

    #2853
    Sten Ole
    Participant

    Quintius kjem heim igjen på kvelden etter nok ein traust dag på senatet. Roma skulle reformeres, men ikkje i dag heller. Badehuset hadde vore neste stopp om situasjonen var annleis. Men Lucius hadde blitt forført av penger og lauslege lovnader. Dei andre senatorane også.

    Quintius sukker aleine på møterommet med bare den store planen for å gjenreise Roma til å holde han selskap. Planen som ingen vil diskutere før Macedonius kjem heim frå hærtoktet. Og då vil sikkert Macedonius ha all taletida for seg sjølv.

    Quintius kikker ned i pengekassen der han har alle sparepengane sine. 5 sølvpengar og ein liten dekorert stav med påskrifta “consul”, ein tittel som kanskje hadde betydd noko under andre omstendigheter. Tittelen han hadde fått for å tie stilt og nikke lydig. Tittelen han hadde fått for å holde andre unna makta. Quitius sukka med avmakt.

    Den store planen treng ein sterk leiar. Nokon med betre evner enn Quintius. Nokon med meir tyngde på senatet. Nokon som kan bevege folkemassane… Ein idé krystalliserer seg. Planen treng ein populær krigshelt. Planen treng Macedonius. Quintius ser på myntane i kassen igjen. Tankane galloperer. “Dette kan fungere,” humrer han til seg sjølv. “Tjener! Eg har eit hasteoppdrag til deg!”

    Brevet var hastig forfatta, men formen var ikkje viktig. Innholdet sa alt. Rullen forsegla han med to segl, familieseglet med piggsirkelen og det offisielle konsulærseglet til landet. Mens voksen herda, smilte Quintius. Eit nytt Roma stod i vente. Byråkratiet og diskusjonane som tradisjonelt belemra republikken kom til å høyre til fortida.

    “Direkte i henda til Macedonius,” instruerte han tjenaren sin. “Ikkje la nokon andre i Runiusklanen sjå deg.”

    #2854
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Runius kjende hjartet svulme der han stod ved sida av krigshelten Scipio – Hannibal sin verste fiende. No var Runius eit navn senatet utan tvil ville lytte til.

    «Gå til eigedomen min som ligg ved dei offentlege bada Scipio! I kveld er eigedomen din, saman med alle tenarane og damene som ventar deg»

    Dette var det siste Runius sa til Scipio før han med løfta hake kryssa forumet til dei to regjerande konsulane for å motta lovord og ære.

    Same kvelden sat han på båten til Korsika og Sardina, ein av dei verste provinsane ein senator kan styre. Senatet kunne han gløyme dei neste tre åra.

Viewing 11 posts - 1 through 11 (of 11 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.