Reply To: Maracaibo

#3777
Sten Ole
Participant

Eg opplever det som ein kombinasjon. Spelet er sentrert rundt kortene. Når eg får 2 sailors og ein harbor på førstehånda mi, så styrer spelet meg mot å utnytte den synergien, få ein fornuftig økonomi og bruke dette vidare i spelet og føre mykje krig. Om du får shipbuilder og innkeeper så går du for assistentar. Om du får explorer og pioneer så blir du styrt inn i jungelen. Det er korta du får som bestemmer historien din. Sjølv om du har ein kynisk tilnærming til poeng, så blir det ein historie. Loanshark Diego er for eksempel alltid ein figur som er levande for meg, om eg velger å rekruttere han eller ikkje.

Noko som er fint med spelet er at det ikkje er ein strategi som er tydelig dominant. Så det blir ikkje sånn at alle gjør akkurat det samme. Dermed blir det ikkje 4 like historiar som blir fortalt, som regel. Ironisk nok så blir det slik at om fleire gjør det samme, går det betre for dei som gjer noko anna. Det blir manko på kortene som jobber godt saman med strategien.