Reply To: Dark Ages: Holy Roman Empire

#3794
Sten Ole
Participant

Spelet som likner med på dette spelet er kanskje Eclipse. Du har relativt kjappe turer der du gjer ein ting. Du samler poeng, oppgraderer militærtypane og samler poeng i tillegg til å få teknologi som gjer spesielle ting. Utover spelet virker det som at ting blir meir krigersk, men det slutter før hjulene detter av.

Det er i tillegg mangfoldige ekstramoduler som på dag 1 er vanskeleg å få oversikt over og vurdere.

Dei enkle turane gjer at at spelet kontinuerlig ruller framover. Kampar er enkle å administrere og tidsavgrensa. Det er stor fare for at spelarar finn fantastike komboar som gir ei utfordring til alle dei andre. Dette er “gøy”, men kanskje alt for “gøy”? Spelet er overkommeleg å lære og spele på ein kveld.

Eg treng eit par gjennomspelingar til før eg veit kvar dette spelet ligg i forhold til andre spel i samme sjanger. Krig mellom erfarne spelarar er eg spesielt spent på. Er dette eit spel som er laga for stillingskrig eller utslettingskrig?