Reply To: Voidfall

#3802
Sten Ole
Participant

Ny oppdatering etter ferdigspelt test med Sturla og Tor Inge.

Aggressivitetsnivå 3/4
Kompleksitetsnivå 3/4

Oppsettstid: Ca 70 minutter med ein person.
Opplæring og speleroppsett: Ca 60 minutter.
Speling: Ca 5 timer.
Oppvask: Ca 10 minutt.

No fekk eg og Tor Inge ein ferdigspelt runde mens Sturla fekk ein første smakebit. Tredje sykelen i spelet gav ein slags avslutning på spelet som me ikkje hadde sist, og ikkje heilt som eg hadde forventa. Eg hadde forventa ein slags Eclipse-liknande slutt, men det blei noko litt anna. I starten legger du opp fundamentet, visjonen for imperiet ditt. Agendakort legger til rette gulrøtter du søker deg mot etterpå, og teknologiane og kva du har brukt tida på former slutten av spelet.

Tor Inge bygde opp ein kraftig økonomibase, men feilberekna litt og mista ein viktig sektor tidlig i spelet. Feilen låg eit par turar i forvegen så me kunne ikkje redde han med tidsmaskin. Tanken hans var å bygge seg opp, lage ein mektig kampflåte og angripe mot midten mot slutten. Den uheldige starten, samt at eg og Sturla tok dei to torpedo-teknologiane gjorde at han hadde færre offensive mulighetar og satt litt fast i hjørna sitt.

Eg hadde eit hus som angiveleg var skreddersydd for å herje med korrupsjon, men å drive på slik kosta meir enn det smakte. Men eg ofra heile økonomien på å gå tidlig på krigsstien som gav meg ein god glorytoken-base som egentlig berre la opp til meir krig. Eg tok midten, men hadde ein elendig økonomi basert på bounties. Eg fekk mykje av kubane utpå kartet, men nesten alle sektorane som eg eigde var korrupte og gav lite tilbake.

Sturla hadde nok ein litt meir balansert tilnærming med litt utvikling og litt erobring, så eg og Sturla fant kvarandre på midten av brettet. Men fronten var lenge stille siden vi begge hadde teknologi som bevarte trekantar når me tok nye sektorar, og med nyutbygging av fleire trekantar kom det til å vere kostbart å angripe kvarandre.

Eg trur både eg og Sturla hadde våre aha-opplevelsar mot slutten. Spelet er jo eit puslespel, og mens eg prøvde å få bitane til å passe saman for å tilstrekkelig forsvare meg mens eg avkorrupterte landet mitt kom eg til konklusjonen at eg heller kunne gå full aggro. Så då blei det til at eg valgte dei heilt motsatte fokus-kortene. Det blei 4 invasjoner der dei oransje fekk unngjelde og gloryen var maksimal. Kvifor ikkje Sturla? Fordi eg hadde to 5arar, ein 4ar og ein 3ar i glory tokens som var såpass mykje at eg tente meir på å ta team orange. Eg tapte ein sektor til Sturla og ein til dei oransje og imperiet mitt var ikkje mykje å skryte av når agendascoringen kom, men det var det spelinga mi gjorde at var det beste valget: Angrip til alt er i brann.

Sturla sin openbaring var at dei sektorane som var korrupte og som han likevel ikkje kom til å klare å rydde opp i var verdilause. Det frigjorde styrkar som kunne angripe hjertet av imperiet mitt (delvis muliggjort av teknologi som kunne mobilisere før angrep), nettopp eit puslespel som eg som forsvarer ikkje var i stand til å løyse og gav opp på. Men det gjorde at han fekk hauste poeng av glorytoken-beholdningen min samtidig som at han hadde ein stabil kjerne som gav poeng.

Det blei altså ikkje armageddon på midten slik Eclipse kan oppleves som, der det er speler mot speler. Spelarane har fortsatt sine eigne motiver og insentiver. Å tape i kamp var i denne omgangen i alle fall ikkje det store nederlaget fordi dei viktige sektorane ligg i nærheten av heimbasen din. Kamp handler meir om “glory” enn erobring. Og kampen er tøyla av actionøkonomien din. Har du tid til å slåss? Du skal jo få til alt det andre også. Og skal du virkelig kjøre på med kamp, må du rote litt med temptationkortet. Det skal nevnes at eg hadde eit til fokuskort på min faksjon som var endå verre enn temptation. Og jo meir eg brukte dei kortene, jo meir handla spelet om å dyrke uberekraftige løysingar som gjorde at sjølv om eg hadde mange poeng var eg i praksis eit fallen house.

Eg er ikkje hundre prosent solgt på spelet, men det er vanvittig mykje som er bra med det. Det har ein mekanisk kopling til tematikken som er kul om ein ser litt breidt på det. Men på mikronivå sit du og pusler for deg sjølv. Du har 2, 3 eller 4 actions pluss kanskje noko trigga teknologibonusar som må kombineres på ein måte slik at du får gjort mykje på turen din og ikkje berre ein einaste nyttig ting og 3 unyttige ting. Om du ikkje liker det aspektet, så er ikkje Voidfall spelet for deg. Ein annan ting er at spelet i stor grad oppleves som multiplayer solitaire, sjølv når du er ansikt til ansikt med Ghengis Sturla. Den mest merkbare interaksjonen var når han tok ein teknologi først sånn at eg ikkje får 4 poeng for å vere førstemann. Når spelet tek så mykje tid, så set ein spørsmålsteikn når det blir så mykje aleinetid. Spelet slutter også på ein litt Scythe-aktig måte. Du kjem akkurat til punktet der det burde smelle, så er spelet slutt. Å bringe Scythe inn i innlegget er kanskje urettferdig (siden det er eit spel full av ugøye “feil”).

Men, Voidfall er eit fantastisk spel. Faksjonskoseptene er lurt samansette. Puslespelet er bra. Og måten valgene dine uttrykker seg på brettet er herlig. Eg prøver å komme på eit spel som gjer noko liknande. Dette er jo egentlig eit spel som påtvinger deg eit puslespel istadenfor andre spel i sin sjanger der ein kan fritt velge kva ein vil frå ein meny med actions. Så det er som eit Gloomhaven i forhold til tradisjonelle dungeon crawlers. Istadenfor å berre bestemme å gjere ting, må du vurdere om du kan kombinere og chaine ting på rett måte slik at resultatet blir bra. Noko eg likar med spelet er at det ofte påtvinger vonde kompromiss. Du får lov til å gjere noko gøy og kraftig, men då må du godta visse problem som du må løyse seinare eller ikkje i det heile. Eller, skal du heller bruke ein ekstra tur og gjere ting ordentleg?

Foreløpig set eg ein karakter på 8/10. Eg trur eg ønskjer noko med eit litt mindre aggressivt puslelag og meir uvisse, men samtidig set eg pris på det som spelet tilbyr. Det er ein klassiker, på ein måte.