Reply To: Zoo Tycoon

#3884
Sten Ole
Participant

Ny test. Me kom oss gjennom. Eg ender opp med lunkne følelsar for spelet. Det meste i spelet er litt meir tungvint enn det burde vere og med kompleksitets-element som ikkje gjer ting meir spennande. Det er mykje puttling med dyremeeples, kuber og diskar, og tracks som går opp og av og til ned.

Samtidig blir du plaga av eit dyremarked som ikkje gir deg dyr som du vil ha og terningar som ikkje gir deg rett avkom. Det gir deg ein ekkel kombinasjon av eit spel som krever at du har ein plan og samtidig ikkje let deg implementere han.

Ein kan kanskje vere litt kritisk til at spelet så grovt belønner den som leier med kontinuerlege mini-bonusar. Som mottakar føltes det ikkje heilt rett eller fortent. Hovudproblemet mitt med spelet er uansett at dette minna veldig om eit “dataspel-design” der ein hypotetisk prosessor meir sømlaust kunne håndtert oppdatering av parametere og ein UI der ein ikkje må leite gjennom 20 boksar med meeples for å finne det du er på jakt etter.

På tross av klaging er spelet “heilt greit”. Du samler dyr og bygger innhenginger som gjer at dei på sikt har det bra. Så har du eit litt utydeleg puslespel i posisjonering av innhengingane og kva dyr du bør kombinere for at spelet skal belønne deg. Spørsmålet er om “heilt greit” er bra nok og verdt tida di.