Zoo Tycoon

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)
  • Author
    Posts
  • #3875
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Z1

    Z2

    Z3

    Z4

    Apelydar og avkom…

    #3878
    Sten Ole
    Participant

    Reglar, reglar, reglar…

    Erfaring.
    Gratis experience dersom du allerede har eit dyr av samme type. Obs, co-species er også inkludert. Kanskje Rune sa dette i regelforklaringen. Eg hugser ikkje.

    Minimum requirement.
    For å få lov til å sette ut dyr i enclosure er reglane endå strengare. Du må vere i stand til å plassere alle 4 kubane og det må vere på ein farge. Det er derfor mange dyr som er slitsomme å få på plass.

    Co-species.
    Bonus når du introduserer main og co-species på samme turen! Dersom du bygger co-species samtidig med main species i ein enclosure får du 1 bonus popularity!

    Commercial building.
    For å få lov til å bygge desse må du ha minimum 10 popularity. Det er snåle bygningsreglar som ikkje er så lett å bli klok på. Verken regelheftet eller regelfilmen er til god hjelp. Ein tysker på BGG oversatte laust frå tyske reglar at alle commercial buildings må vere inntil 2 enclosures. Den andre food-plassen kan ikkje resirkulere begge dei samme som den første plassen. Eg er ennå ikkje sikker på tolkingen og kunne nok trengt eit par eksempel-caser. Men men… eg er ikkje i humør til å spør på BGG og avsløre kor dum eg er.

    Bygningar.
    Du kan ikkje få effekten av to education-tiles mot samme enclosuren, park-tiles kan ikkje bruke samme nabo-bygnings-tilen to gonger (og heller ikkje andre parkar), enclosures kan bare gi effekten sin til conservation tiles ein gong. Såg ut som at Sturla masse-utnytta vår dårlege regelforståelse.

    Utviding av territorie.
    Enclosures utvides inntil kvarandre, men du kan bygge kor som helst om det er ein ny enclosure.

    Enclosures.
    Dyr-meeples i enclosures sitter fast i motsetning til avkom.

    Unntak første runde.
    Du kan starte parken din med eit level-2-dyr eller level-3-dyr. Du kan ignorere alle krav (men må fortsatt slite med å få dei inn i en enclosure). Om du velger eit level 3-dyr, får du ein conservation center tile, men får ikkje lov til å ta ein til main-species.

    Plagsom føderegel.
    Du må holde styr på når det er første gongen level-1-species eller level-2-species får eit avkom. Då registrerer du det på hovedbrettet som kan gi endgame poeng. Designeren har foreslått å putte ein kube på enclosure or å registrere at dyrene her allerede har blitt registrert.

    Eg avventer med full analyse av egne følelsar. Eg må prøve det ein gong til. Inntrykket mitt foreløpig er at svartbjørnar verre enn pest. Også at dersom utgiftene dine er høgare (takka svartbjørnane) enn inntektene dine så blir du ruinert. Spelet er mentalt tungt, i alle fall når me startar utan å kunne spelet godt. Eg trur kanskje det blir meir triveleg etter kvart. Eg kjem nok ikkje til å sove godt fram til eg finn ut av commercial-building-reglane.

    Dette virker forresten som det perfekte Tor-Inge-spelet. Her er det mykje å tene på å ikkje ha god kontroll på bokføring og lite mulighet til tilsyn frå and spelarar. Du tjener mykje på forglemmelsar (forgløymleikdomararar… manglar norskkompetanse). Det er mange “dette har du forresten ikkje lov til”-reglar og parametrar som må konstant oppdateres undervegs.

    #3879
    Sten Ole
    Participant

    Oppdatering. Har spørt direkte på BGG om commercial buildings. Konklusjon:

    Første food booth må på sida av to enclosures.

    Andre food booth må på sida av ein enclosure som ikkje er ein av dei to første.

    Zoo shop må på sida av ein enclosure. Har ikkje noko å sei om det er ein som allerede er servert av ein food booth.

    No lever eg i alle fall i illusjonen at eg kan alle reglane til spelet.

    #3884
    Sten Ole
    Participant

    Ny test. Me kom oss gjennom. Eg ender opp med lunkne følelsar for spelet. Det meste i spelet er litt meir tungvint enn det burde vere og med kompleksitets-element som ikkje gjer ting meir spennande. Det er mykje puttling med dyremeeples, kuber og diskar, og tracks som går opp og av og til ned.

    Samtidig blir du plaga av eit dyremarked som ikkje gir deg dyr som du vil ha og terningar som ikkje gir deg rett avkom. Det gir deg ein ekkel kombinasjon av eit spel som krever at du har ein plan og samtidig ikkje let deg implementere han.

    Ein kan kanskje vere litt kritisk til at spelet så grovt belønner den som leier med kontinuerlege mini-bonusar. Som mottakar føltes det ikkje heilt rett eller fortent. Hovudproblemet mitt med spelet er uansett at dette minna veldig om eit “dataspel-design” der ein hypotetisk prosessor meir sømlaust kunne håndtert oppdatering av parametere og ein UI der ein ikkje må leite gjennom 20 boksar med meeples for å finne det du er på jakt etter.

    På tross av klaging er spelet “heilt greit”. Du samler dyr og bygger innhenginger som gjer at dei på sikt har det bra. Så har du eit litt utydeleg puslespel i posisjonering av innhengingane og kva dyr du bør kombinere for at spelet skal belønne deg. Spørsmålet er om “heilt greit” er bra nok og verdt tida di.

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.