Crossing Oceans

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • Author
    Posts
  • #3833
    Sten Ole
    Participant

    Velkommen til the age of sail coal. Spelarane skal kjøpe båtar og drifte dei rundt i verdenshava og tene pengar til å finansiere nye båtar fordi dei gamle går ut på dato.

    Spelet har reglar som passar inn på ei lita lefse og er derfor etter kvart ikkje så vanskelege å forholde seg til. I turorden får spelarane gjere ein av fleire ting på ein rondel. Hoved-actionane er å kjøpe nye skip, drifte skip på ulike måtar som alle bruke kol og å skuffle meir kol i skipa dine. I tillegg har du mulighet til å sjøsetje eit skip, anten av nye skip eller dei som halvvegs har gått ut på dato på turen din. Dei gamlare skipa er det kanskje plass til der det ikkje er så mykje konkurranse.

    Du blir sittande igjen som anten ein forretningsmann eller som ein skipssamler fordi det er desse tinga spelet belønner. Hovudtyngden av poenga dine vil gå ut på å kople ting du fokuserer på med skip som korresponderer til det du fokuserer på. Problemet er ofte at for å få dette til så går det på bekostning av kor godt forretningen din fungerer. Desse trade-offane er det så mange av at spelet opner for mange måtar å spele på. Spelet har mange nok dimensjonar til at du alltid finn ei nisje du kan holde på med. Eg rekner derfor med at dette spelet kan speles mykje utan å gå ut på dato slik som skipa i spelet.

    Eg hugser ikkje heilt kva det var med forløparspelet Transatlantic som ikkje var heilt i blinken, men Crossing Oceans var eit trivelig spel som flyter godt utan å vere tanketomt.

    #3843
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Andre testrunde flaut godt over dei sju hav. Eit solid spel med papirpengar av høg kvalitet. Fin dynamikk mellom spelarane og rett konsistens mentalt og tentativt.

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.