Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Darwin’s Journey
- This topic has 5 replies, 2 voices, and was last updated 1 week, 2 days ago by
Rune Hanssen.
-
AuthorPosts
-
18/02/2024 at 22:02 #3992
Rune HanssenKeymaster
Worker placement med synergiar i store mengder. Mykje hjerneaktivitet og gøye forskningsprosjekt og teltaktivitetar på øyane.
18/02/2024 at 22:52 #3994Sten Ole
ParticipantMange lure ideear å finne i denne euroen. Det er eit worker-placement-spel der kvar arbeider har ferdigheter som kan trenes, og desse ferdighetane trengs for at arbeideren skal kunne bruke den eller den action-spacen. Handlingen går ut på å forflytte seg til sjøs og på land, oppdage dyr, slå leir, skrive brev og sende eksemplar av funna dine tilbake til England. Fordi handlingar og bonusar trigger nye actions, blir det fort mykje som skjer på turen din.
02/11/2025 at 23:11 #4531
Rune HanssenKeymaster
Fireland Expansion:
Spelet får eit nytt brett med sjøområdet Darwin besøkte før han nådde Galapagos. Dette påfører spelet titusen nye ting å arbeide med. Det er mykje, men ikkje tungt. Så langt føles ekspansjonen som fornuftig og oppgraderer spelet til noko betre.
02/11/2025 at 23:31 #4532Sten Ole
ParticipantFin ekspansjon, men også ein ekspansjon som er meir generøs med minuspoeng underveis. Det var fleire stiar å tråkke på som også gjorde at ikkje alle gjekk oppå kvarandre. Vi fekk altså litt fleire mulighetar til å ta unike traséar.
—
Reglar, reglar, reglar…
Timing og rekkefølgje
Spelet kommuniserer litt dårleg kva som skal skje først og sist, spesielt i forhold til adventures som blottlegger viktigheten av det. Svaret er at du gjer ting i den rekkefølgjen du sjølv vil, “action” for “action”. Om du skal på eventyr, trekker du kortet, men du velger sjølv når i rekkefølgen av ting at dette kortet skal gjeres om det er andre ting som kan skje før. Merk at dette betyr ikkje at du kan gjere konsekvensane av eit adventurekort før du har starta adventurekortet. Den utløysande tingen må skje først. Det er i praksis viktig å holde kontroll på ting underveis i action-kjeda slik at ein får dei tidsstraffane ein skal ha til rett tid og eventuelt kan lure bonusar ut av objective-tiles som ein får til midt i turen.Definisjonen av ein action
Ein action er ikkje definert av worker placementen i seg sjølv. Så om du får to symboler med konvulutter på, telles desse som to separate actions der diverse bonusar og straff kan slå inn på begge to. Eit anna eksempel er å få +1 seal på skulen per action når du får to seal-actions så gir dette 4 seals til saman.Max 2 Beagle penalty
Objectiven som begrenser poengtap under Beagle-scoring gir ikkje eit totalt tak på poengtap, men heller eit poengtap på kvart steg du ligg bak Beagle.09/11/2025 at 08:33 #4534Sten Ole
ParticipantSiste runden med Darwin’s Journey fekk meg til å mistenke at me har spelt feil. Linsene var heilt ubrukelige. Eg fant også ein annan betydelig regelfeil. Eg trur vi kanskje spelte desse reglane rett i fjor, men dei har gått i gløymeboka etter at spelet har vore på hylla ei stund. Klassisk.
Linsebonus
Når du legger ned ei linse får du automatisk ein gratis gjennomkjøring av actionen som du låste opp. 5 penger for ein superaction, som du egentlig er underkvalifisert for, er ikkje dårlig økonomi.Museumet og Evolusjonsteorien
Når du leverer eit eksemplar til museumet, får du steg på evolusjonsteorien og ikkje vanlege VP. Det er også eit ekstra evolusjonsteori-steg for å legge inn siste brikka på ein rad.09/11/2025 at 08:39 #4535
Rune HanssenKeymasterDet forklarer kvifor eg låg 50 poeng framfor alle. Eg sat og tenkte på om det ikkje hadde så mykje å seie å ikkje levere inn rapportar om dyr ein sjølv hadde oppdaga. Snylting er altså ikkje det beste.
-
AuthorPosts
- You must be logged in to reply to this topic.