Eclipse

This topic contains 1 reply, has 2 voices, and was last updated by  Sten Ole 4 months, 1 week ago.

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • Author
    Posts
  • #2071

    Rune Hanssen
    Keymaster

    Eclipse

    Dette spelet gjekk tom for luft ein gong i tida. Litt sånn «papp- og talkjensle». No med 6 spelarar og defragmentert hjerne, vil eg sei at spelet er ganske elegant og begripelig. Var faktisk kjekt sjølv om me hadde ein feil med ekstra action disks frå starten.

    #2072

    Sten Ole
    Participant

    Dette spelet har vore på “må prøve”-lista mi ei stund, så det var kjekt å få oppleve det. Opplevelsen blei nok litt spesiell fordi alle hadde ein boost fra starten som gjorde at me fekk utvida raskare enn me burde, me fekk større økonomiar og meir handlekraft per tur.

    Spelet gir meir eller mindre akkurat det det lover. Du får kolonisere planetar, du får bygge og flytte skip, du får trille terningar. Så teller du poeng på slutten. Skjelletet til spelet fungerte bra. Tanken bak det meste var god. Det skrangla litt når det var spesielle tiles på brettet med spesialreglar. Det er kanskje greit for drevne Eclipse-fans, men for “1 gong i året”-speling så fører det til lett irritasjon.

    Sjølv om spelet er heilt annerledes enn Twilight Imperium, får du ein liknande dynamikk med stillingskrigar og halvdiplomatiske forhold overalt. Og når kampen bryter ut, blir du totalt overrumpla av teknologi som motspelaren har snikoppgradert. Akkurat det gir meg ein vond bismak i munnen når spelet varer så lenge som det gjer. Heldigvis, i motsetning til Twilight, lyser dei vonde overraskelsane raudt og oransj, sånn at det er mulig å sjå dei på andre sida av bordet… om du følger godt med.

    Konklusjon: Unikt spel som blandar element som ikkje burde passe saman men får det til likevel. Spelet drar litt ut i tid (men kanskje mest fordi me feilspelte). 6 spelarar føles ut som både eit nødvendig antal og samtidig for mange. Tommel 70% opp.

    Har registrert småreglar som me gjorde “feil” i tillegg til det me oppdaga in the moment. For eksempel når du trekker poeng fra den svarte posen etter kamp, får du berre beholde maksimalt ein av dei. Eller at influence-action ikkje tillater å legge ein disk på ein plass med motstanderskip på. Stort sett irrelevante ting.

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)

You must be logged in to reply to this topic.