Estoril 1942 – City of Spies

This topic contains 1 reply, has 2 voices, and was last updated by  Sten Ole 3 weeks, 1 day ago.

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • Author
    Posts
  • #2240

    Rune Hanssen
    Keymaster

    Estoril

    Du har fire rundar på deg til å skaffe nok agentar til å få kontroll over alle andre. Reis rundt på forskjellige lokasjonar med rett mann til rett tid med rette skills og innflytelse til å hyre inn dei mange ulike agentane frå alle slags land.

    Problemet er berre alt det ein ikkje veit, og at alle andre gjer det same som deg. Ein pistol i trynet der, og ein trekant med ei frå Ungarn og ei frå Spania her, litt feilinformasjon om målet der, litt for mykje tyske krefter her og eit mislykka tiltak der. Kaos med nok kontroll til at det blir komisk når du skjønar du ikkje har kontroll likevel. Artig og kjapt spel.

    • This topic was modified 3 weeks, 1 day ago by  Rune Hanssen.
    #2244

    Sten Ole
    Participant

    Elegant spel. Låg varighet.

    Kompleksitetsnivå er akkurat så høgt som du ønsker at det skal vere. Spelet pålegger deg berre å legge ned ein brikke som skal vere inntil ein annan av brikkene dine eller på kanten av brettet. Så speler spelet seg sjølv. Eventuelt kan du gå inn i spelet med intensjon om å memorere kva agentar motspelarane har, berekne kva som skjer først med kven, psyko-analysere motstandarane for vite kva dei kjem til å gjere, finrekne poeng og forhåndssikre end-game-poeng-brikkene.

    God regelbok, for dei som liker å lese sånne.

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)

You must be logged in to reply to this topic.