Imperial Struggle

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • Author
    Posts
  • #3107
    Sten Ole
    Participant

    Eit nytt og gøy 2-player-spel i multi-time-klassen. Spel som det onde britiske imperiet eller dei edle franske frihetskjemparane i 100-talet før den franske revolusjonen. Spelet blir kjørt på makronivå der ein kniver om kven som kontrollerer ressursar rundt i verda, ofte med hjelp av militæret og marinen. Like viktig som eigne militærstyrkar er det å skaffe allierte både lokalt i koloniane og heime i Europa. Det er ein konstant tautrekking for å klare majoritetsmakt på det eine eller det andre.

    Når det globale markedet skriker etter krydder, så fører det til ekstrem aktivitet i India. Opprør blusser opp etter skjulte møter med lokale separatistar. På mystisk vis blir uskyldige Frankrike skvisa ut av halvøya. Den første tragedien av mange.

    Sjølv om det som regel er relativt stille og fredlig mellom England og Frankrike, kjem det alltid meir eller mindre gode unnskyldningar til å gå til ekte krig etter kvart. Og då kjem også mulighetane til å karre til seg meir kontroll og territorie. Kven skal bli den nye kongen i Spania? Jo, det må vere fetteren til franskekongen. Og heldigvis står eit samla europa bak dette vedtaket, alle utenom England. Og det får brutale konsekvensar over heile kloden. Den franskleda europeiske unionen påfører massive tap mot den engelske djevelen.

    Men når krigen roer seg så mister europearane kampviljen sin. Dei vil ha engelsk tobakk, engelsk grevlingpels, engelsk tandori-krydder. Ingen vil ha fransk gourmet fisk eller fransk sukker.

    Tida går. Den engelske marinen vokser. Den britiske ålen kveiler seg rundt jorda med eit kvelertak. Han putter penger i lommene på piratar og kriminelle. Med trusler og bestikkelsar lurer han seg inn i sukkerindustrien og fiskerinæringen. Den engelske vampyren blir aldri mett. Irske og skotske frihetskjemparar gjer god innsats i vidare krigføring, men det ekte svaret på krisa kjem til å kome innenfrå det korrupte britiske riket.

    I vest begynner amerikanarane å våkne. Te og crumpets er ikkje så godt lenger. Dei vil ut av slangens grep. Og då bistår den franske koalisjonen gledelig. Alle franske skip blir mobilisert – kvar jolle, lekter og alt som kan flyte reiser vestover; fulllasta med tyske leiesoldatar, svenske kanoner og spanske tyrefektarar. Den engelske kulturen i nord-amerika blir bytta ut med nascar, wrestling og country-musikk. Den engelske kongen blir likbleik. Han skriver hastebrev til handelsstanden om at pels- og fiskeforsendelsane blir forsinka på ubestemt tid. Han roer seg litt ned mens han leser rapportane om tilstanden i karibien og i India. Kanskje er England likevel det beste landet? Men innerst inne veit han at englands stordomstid er forbi.

    #3112
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Imperial Struggle er i gruppa saman med Twilight Struggle. Litt mindre pranoia, men likevel mykje å bryne seg på. Timane gjekk på første test, men det virka ikkje lenge. Du har få kort å stresse med, samtidig som dei er interessante. Ein får kørt kort om riktig action-brikke er tilgjengeleg. Denne mekanikken var artig. Krigane i periodane er også interessante.

    Anbefalast!

    #3113
    Sten Ole
    Participant

    Nettopp ferdig med ein solo demo 1v1. Resultat: britisk seier etter å vinne alle krigane med maks resultat i revolusjonseraen. England starta bra og fekk god kontroll i Europa og i Nord-Amerika. India og Karibien blei forsømt, men blei plutselig viktige med mykje oppblussing. Frankrike klarte å skvise England nesten heilt ut av nord-amerika med unntak av eit fort etter å ha ha hindra england i å mobilisere 6 skvadronar som var stuck i navi-boksen. Det såg ut som eit comeback frå Frankrike då etterspørselen i markedet retta seg mot varene hans. Men det var berre nok til å holde victory-markøren over auto-tap-nivået. Så kom flåten til England i spel, og hundrevis av konfliktmarkørar.

    Eg ser at spelet opner for ulike strategiar når det utvikler seg i eine eller andre retningen. Og du må heile tida revidere planen etter kva action-brikker som kjem. Om det berre er ein brikke av ein viss type som kjem ut, så er det alltid lurt å knabbe den fordi det ender opp med å bli det motstandaren mangler.

    Rune fekk sjokk etter at Amerika gjekk i dass, men eg ser at med kløktig bruk av conquest points i krig og konflikt-markørar så kan du ordne liknande kollapsar i andre sammenhengar. Eit eksempel er 7-årskrigen der dominans på atlanteren kan fjerne båtane til mostandaren og samtidig gi ein ekstra boost i vest-india-krigen. Og i den krigen kan du ende opp med at 3 territorier switcher eigar. Og då er plutselig alle markedene isolerte og koster ein AP kvar å plukke dei vekk.

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.