John Company (2nd ed.)

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • Author
    Posts
  • #4084
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Jc2

    Interessant «East Indian Company» vinkling frå skaparen av Root og Oath. Regelvis greit og første test varte i 6 timar med fullføring. Ein regel purge så er me klar for omgang to.

    #4085
    Sten Ole
    Participant

    Dette var eit mykje meir smooth spel enn det ser ut som. Det er eit kaos av roller, aktiviteter og korrupsjon. Men på ein eller annan måter så fungerer det. Kanskje det er fordi alt skjer i ein tydeleg rekkefølge. Eller at alle terning-trill fungerer etter same reglane. Eller at ting står på logiske plassar slik at det ikkje blir noko du lurer på.

    Det er egentlig eit hysterisk morsomt spel der ein åler seg inn i maktposisjoner på ulike måtar som gir rom for å kome inn i endå fleire posisjonar. Kvar rolle har eit sugerøyr inn i India som går fører rett til sparekontoen til familien. Det er også eit spel om å få investeringar til å gå til “din del” av maskinen sånn at du kan gasse på med masseutnyttelse. Dette skjer mellom anna via makt gjennom aksjepostane dine eller den gongen du fekk ein forfremmelse fordi du var den einaste ledige i systemet akkurat då. Plutselig er det du som sender handelsflåten og armeen til å tjene vestsida av landet mens rivalane dine griner i aust.

    Men spelet handlar ikkje om å vere ekkel. Spelet presser alle til å jobbe saman sånn at kompaniet overlever. Kollapsen er berre eit opprør unna, eller ein vond storm-sesong, eller gårsdagens ambisjonar som må finansierast med penger som ikkje finnes. Det er heller ikkje eit spel der ein speler får overtak fordi det er så mange måtar makta glipper, og på heilt tåpelege måtar.

    Dette spelet er (foreløpig) ein 10ar. Korleis det stiller seg i forhold til dei andre 10arane mine gjenstår å sjå.

    Reglar, reglar, reglar…

    Båtar frå provinsar
    Båtar frå provinsar treng ein suksess for å bygge dei, og ein suksess for å “launche” dei.

    Closed orders
    Når orders blir “closed” der det allerede er noko, blir filled orders flippa til closed og writers dør.

    Promotion
    Når ein person går frå ein office til ein annan, tek han med seg alle fatigue tokens han hadde vidare også.

    Røde dividers
    Dei raude dividerane blir brukt for å vise avgrensing mellom presidentskap ute på kartet slik at det er lettare å sjå kvar writerane skal heim igjen til.

    Stjerne og skraverte felt
    Dei spesielle feltene på company standing og lån-tracken heng saman med deregulerings-mekanikken som ikkje var med i vårt scenario. For at deregulering skal kunne skje må ein av pawnane vere i skravert område. Det er ein avstemningsprosess på dette. Om ein pawn havner på ei stjerne skjer det uansett. Deregulering heng saman med firms-fasen og alt som har med det å gjere. Firms har også med baksida av player-boardet å gjere.

    Governør-failure
    Når governøren har ein failure, lagar han unrest. Kan også merke at det er meint å berre bruke oransje kuber i spelet. Dei raude er for solo-speling.

    #4104
    Sten Ole
    Participant

    Mindre justering på reglar: writers overlever ute i felt sjølv om marked blir lukka eller om område går tapt.

    Spelet var gøy med 4 også. Det var moro å vere chairman så lenge det varte. Eg er endå ikkje der at eg veit kva som skal til for å vinne. Men det er gøy å åle seg rundt i firmapolitikken. Det blei ikkje overraskande ein unison reaksjon når Bombay fekk spesialbehandling med ekstra penger og skip.

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.