Mistborn

This topic contains 1 reply, has 2 voices, and was last updated by  Thomas Thomsen 7 months, 1 week ago.

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • Author
    Posts
  • #1524

    Sten Ole
    Participant

    Lite veit eg om verda dette spelet baserer seg på. Eg vil kalla dette eit letthjarta forhandlingsspel. Kvar spelar har ressursar som kjem inn og får trekka eit par kort kvar runde som kan brukes i løpet av spelet. Spelarane representerer velståande familiar som i utgangspunktet hjelper ein mektig ond hersker. “Problem” som må løyses oppstår kontinuerleg. På rundgang får me mulighet til å løyse eitt av desse “problema”. Dette koster ressurser. Som regel har du ikkje nok sjølv og derfor må du forhandle om hjelp…

    Kven som får belønning i form av “favour” er ein av stridspunkta i spelet. Den med mest “favour” vinn dersom den onde herskeren klarer å holde makta. Det er også ein mulighet at den onde herskeren ikkje klarer det. I såfall er det den med minst “favour” som vinn. Derfor vil spelet etterkvart dele seg opp i dei som satser på mest “favour” og dei som vil ha minst. Kort blir brukt til å forkludre forhandlingar og løysing av “problem”, samt forsvar mot dette…

    I teorien skulle ein tru at spelarane som verken har mest eller minst “favour” har noko å spele for. Dei har derimot mykje forhandlingsmakt siden dei er med å styre skjebnen til herskeren…

    Reglane i spelet var enkle og lettfattelege, men dei gir fortsatt rom for eit interessant spel. Eg trur dette er eit ideellt spel dersom me har gjestespelarar som ikkje er harde brettspelarar…

    Me hadde litt problem med korleis interaksjonen på visse kort fungerte. Reglane på korta og heftet har ikkje same struktur som eit GMT-spel, så det er å forvente at reglar på korta må tolkes saman dersom folk bruker kort kreativt…

    • This topic was modified 7 months, 1 week ago by  Rune Hanssen.
    #1528

    Thomas Thomsen
    Participant

    Nydeligt hjernedødt filler spill. Faktisk forfriskende med et såpass useriøst spill etter mye tungt i klubben. Stir fordel å være innvolvert heile tia, rundene går fort, kan alltid gjøre noe. Og det er ingen hensikt at alle går mot 1 spiller for at dei er enkle targets eller uerfarne spillere.

    Så helt enig med Spenole her, kan være kult for nye for å fort få varmen og ikkje minst muligheten til å ta igjen tidligt. Her kjem fientlighet fort frem. LOVE IT

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)

You must be logged in to reply to this topic.