Ora et Labora

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • Author
    Posts
  • #3939
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Oel

    Rosenbergblanding av Le Havre og Arle og litt anna. Klosterbygging der kort fungerer som bygningar, skog og torv. Ein har tre geistlege som ein bruker til actions. Desse kan også hyrast av motspelarane som i praksis hindrar deg i å få brukt arbeideren eller action på ein av bygningane dine. Oversikteleg trass i mengder med kort og papp. Jamn poengslutt om ikkje nokon har rota seg vekk i skogen.

    #3940
    Sten Ole
    Participant

    Ein av dei meir strømlinjeforma og fredelege Rosenbergerane der ein treng lite forklaring for å kome i gang. Det er egentlig ein city-builder der du forvalter ressursar og ekspanderer. Ein treng ikkje mate nokon og blir ikkje så veldig hindra av motspelarar, så det er eit perfekt spel for å slappe av ein torsdagskveld. Dessverre formerer ikkje sauane seg, så ein kan diskutere om dette egentlig er eit Uwe Rosenberg-spel.

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.