Polis – Fight for the Hegemony

This topic contains 2 replies, has 2 voices, and was last updated by  Sten Ole 1 week, 4 days ago.

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • Author
    Posts
  • #2270

    Rune Hanssen
    Keymaster

    Polis

    Dette er eit spel som krev mykje planlegging rundt bruk av ressursar. Fire rundar der kvar spelar tyner alt som er mogleg ut av folket sitt i håp om å auke prestisje (poeng) runde for runde. Samtidig må ein bruke prestisje for å få lov og gjere meir «alvorlege» actions på turane sine. Handel er også ein balansegong i og med at markedsprisane blir mindre gunstige for kvar handel ein gjer. Kvar runde varer heilt til begge spelarane seier pass. Spelet har ei fin speletid på ca. to timar.

    • This topic was modified 1 week, 4 days ago by  Rune Hanssen.
    #2274

    Rune Hanssen
    Keymaster

    Reglar, Reglar, Reglar…

    Markedet er ikkje så grusomt likevel.

    1. Du kan berre bruke markedfelta som tilhøyrer runden ein er i.

    2. Du kan handle med sølv direkte for å skaffe korn. Om du gjer det skal du trille 1d4 og stille verdien av varene (på feltet du legg båten) andre vegen.

    #2275

    Sten Ole
    Participant

    Bra poeng med reglane. Godt å sjå at prisen også kan gå litt ned. Eg vil presisere litt.

    Du kan berre bruke felt som er lik eller mindre enn runden du er på. Det betyr du får fortsatt bruke 3-ar transaksjonane gjennom heile spelet.

    Å handle korn for sølv vil alltid prisen vere 1:1. I tillegg skal du trille 1d4 to gongar og flytte prisen den høgaste verdien mot venstre.

    Om spelet: Eg likte det. Om du gjorde “dumme” ting blei du seriøst straffa. Om du handla vekk tannhjulet i motoren din sliter du noko heilt ekstremt. Målet blir derfor å spele etter ein strategi som er berekraftig og ekspansjonistisk… i teorien. Kanskje eg får det til neste gong.

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)

You must be logged in to reply to this topic.