Praga – caput regni

Viewing 7 posts - 1 through 7 (of 7 total)
  • Author
    Posts
  • #3881
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Praga

    Kult Suchy-spel for machine-combo fans!

    #3919
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Praga Caput Regni betyr “Praha, hovudstaden i Kongeriket”, og handlar altså om å byggje opp Praha, hovudstaden til kong Karl IV, herskaren over det Tysk-Romerske riket. Kartet og komponentane er flott utført og dreg deg raskt inn i 1300-talet.

    Ein Rondell styrer heile tida kva action du kan ta. Du kan ta kva du vil, men alt etter korleis denne snurrar rundt, påverka av andre spelarar, vil actions koste ting, eller gi deg ting. Samtidig vil plasseringa av denne actionen også skifte i sjølve Rondellen, som igjen gir deg ulike bonusar.

    Med ein action har du masse val. Du kan byggje ut hovudgata i byen. Eller brua som knyt dei to bydelane saman. Eller på den store katedralen. Eller på forsvarsverket rundt byen. Eller ulike bygningar i byen. Eller du kan oppgradere eigne actions, slik at dei blir sterkare. Eller du kan byggje forsvarsverk rundt ditt eige spelarbrett.

    Du har heile tida noko å finne på. Men kva som er lurt når, er nok ein nøkkel her. Eg trur ein strategi med litt av alt eller mest av ein ting, begge kan fungere her. Men sidan actions og bonusar er styrt av Rondellen, må du gjerne improvisere eller gjere litt mindre gode actions av og til.

    Samtidig har du din eigen økonomi som du må ha kontroll på. Både pengar og stein er viktig å ha, og det å byggje opp gullgruver eller steinbrot er sentralt for å få til noko som helst. Og egg. Masse egg. Kvifor? Då må du spele spelet, så finn du ut av det.

    Spelet er lett å kome inn i, det er aldri frustrerande, trur nesten me ikkje sjekka regelboka ein einaste gong, då alt flyt flott og naturleg og du har heile tida noko å gjere på, sjølv om alt ikkje alltid er optimalt. Stor anbefaling!

    #4099
    Sten Ole
    Participant

    Dette er eit kvalitets-euro-spel. Det har god ikonografi, eit actionsystem med mange nyansar som hindrer at spelet ikkje berre er gjennomsyra strategisk, men også gir mange taktiske valg underveis. Bonusane kjem i alle endar i dette spelet. Du har dilemma der ein bør satse på noko, men at ein likevel ender opp med å gjere mykje forskjellig fordi satsingen aldri er eindimensjonal. Også økonomien er kinkig fordi du kan teknisk sett bruke opp alle ressursane dine, men dersom du gjer det så risikerer du å låse deg ut av dei beste actionane neste turen. Full optimalisering kjem altså med ein risiko for at ein ikkje kan ta gode opportunistiske valg seinare.

    Spelet er litt beige, men klarer sånn passe å kople seg til at me byggjer ein by og ei bru. Eit savn i slike spel er eit kort med eit bilde av ein person og namnet “barkeep” som gjer at du kan hive armane i veret når motstandaren får det. Bygningsbrikkene blir fort veldig like og litt sjel-lause. Men, spelet klarar seg godt utan sjel.

    Eg er spent på å høyre anmeldelsen til Kvinnheringen.

    Reglar, reglar, reglar

    Produksjon av gull og stein
    Når du produserer gull og stein, får du talet som kuben står på. Andre bonusar får du dersom dei står til venstre for kuben.

    Construct Wall
    Vegg-tiles må legges inntil action boardet, altså det er ikkje tilstrekkeleg at dei er inntil berre andre vegg-tiles?

    Bøker
    Når du får bøker, trekkjer du 3 og velger ei at dei. Dei 2 du ikkje velger, går på botnen.

    #4100
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Eg trur du tek feil på denne:
    “Produksjon av gull og stein: Når du produserer gull og stein, får du talet som kuben står på. Andre bonusar får du dersom dei står til venstre for kuben.”

    Regelboka: “You have a certain number of gold mines, represented by the highest number to the left of your marker on your gold mine track. Produce gold: gain gold equal to your number of gold mines”.

    Regeloppklaring på vegg:
    “Construct Wall: Vegg-tiles må legges inntil action boardet, altså det er ikkje tilstrekkeleg at dei er inntil berre andre vegg-tiles?”.

    Regelboka: “Construct a wall: …you place the tile adjacent to your action board. Note that a new wall tile does not have to be adjacent to any previously placed wall tiles”.

    #4101
    Sten Ole
    Participant

    Ang produksjon gull/stein: Du har heilt rett. Eg støtta meg på eit eksempel i regelheftet der eg no ser at kuben står på eit anna felt enn det eg trudde. Eg bøyer meg i støvet og river opp regel-advokat-lisensen min.

    Vegg-regelen sjekka eg på BGG. Dei må legges inntil den “gule” kjernen av action-boardet.

    #4102
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Tredje runde med Praga. Klar sisteplass. Dette etter å ha leia heile vegen fram til End Game scoring. For eg prøvde å gjere mest av éin ting (byggje hus), noko som gav masse poeng undervegs, men som gav null poeng på End Game.

    Når eg les omtalen min etter første gjennomspeling, er eg samd i alt der, bortsett frå denne setninga: “Eg trur ein strategi med litt av alt eller mest av ein ting, begge kan fungere her.”. For eg trur å låse strategien sin i éin retning eller å køyre éin veg ikkje er så lurt. Her må ein nok variere i kva ein gjer, samt ha evna til å improvisere undervegs.

    Og når eg hamna på sisteplass no sist, veit eg at det berre er min feil. For eg kunne gjort mykje anna som hadde vore lurare, hadde eg ikkje vore så låst i kva eg håpte å oppnå. Og spelet imponerer stadig kor elegant det er utforma, korleis alle delane fungerer så fint saman, og korleis du alltid føler du får noko til (om du då ikkje låser deg fast i ei retning). Framleis stor anbefaling!

    #4103
    Sten Ole
    Participant

    Siste gongen synes eg at eg fekk til mykje fram til midtpunktet i spelet. Deretter måtte eg leite etter fornuftige ting å gjere på og synes egentlig at lufta hadde gått ut av “planen” min. Teorien min ut frå dette var at eg burde bruke starten på spelet på oppgraderingar av brettet mitt og å booste opp gull og stein-produksjonen min.

    Denne gongen fekk eg testa teorien. Den var heilt elendig. Eg oppnådde ingenting fornuftig. Verken bok-bonusar, actionbonusane eller den fantastiske produsjonen var til hjelp. Eg havna i taper-flokken på rundt 100 poeng. Eg aner ikkje kvifor eg alltid ender opp med så mange egg og “ufrivillig” bruvandring.

    Neste gong implementerer eg Praga-algoritme 3.0 der eg ikkje skal la meg friste av mikrobonusane. Spelet er kjempebra i sin klasse, men det er ytterst beige.

Viewing 7 posts - 1 through 7 (of 7 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.