Revive

Viewing 1 post (of 1 total)
  • Author
    Posts
  • #3757
    Sten Ole
    Participant

    Revive handlar om at me skal bygge opp igjen verden etter at me meir eller mindre har vore i dvale etter at verden frøys til eller noko sånt. Me er alle rare mutasjonar av menneske. Eg er litt ullen med temaet fordi temaet er egentlig ikkje så relevant for spelinga.

    Spelet handlar om å samle ressurser, bygge eit maskineri og å samle poeng, kanskje med ekstra fokus på å lage store gangestykker før spelet tar slutt. Motoren som du bygger består av mannskap, oppgraderte slots, machine tokens og tilhøyrande energi som du får av å bygge hus, og faksjonspesifikk teknologi som du finn ved å repopulere byar på kartet. Turane dine går ut på å anten gjere to ting eller å hibernate’e som er ein litt kjedelig refreshaktivitet.

    Spelet går egentlig litt på skinner siden du gjer enkle ting som går fort. Det er kanskje også eit grublespel der du ønsker å gjere lure ting sånn at motoren din eksploderer i styrke, men eg vil påstå at spelet er betre jo meir du behandler det som ein lettvekter og berre koser deg med prosessen. Ikonografien er stort sett god med eit par unntak fordi ikonene kan bety noko annleis på brettmotoren enn ellers i spelet. Eg frykta at spelet skulle vere prega av komponentbloat, men alt har ei meining.

    Det var bra. Eg må revurdere fordommane mine mot norsk-designa spel.

    Reglar, reglar, reglar…

    Machine Tokens
    Angåande sirkeltokens som du seinare får inn i maskinen din. Det skal vere eit display med 3 av kvar type til ei kvar tid.

    Slot symbol
    Nokre kort har ei skitten remse langs øvre eller nedre kant. Denne lar deg bruke eit til kort i samme slot seinare og få alt som står på begge kortene.

    Unexplored
    Som me tenkte, kan me ikkje gjere actions gjennom unexplored tiles. Om du har uendelig range på explore, kan du derimot explore gjennom unexplored.

    Vatn
    Du kan berre få bonusen på vatn ein gong, så om du bygger nytt hus på sida av vatnet ein til gong, så får du ikkje bonusen. Andre spelarar kan derimot ta bonusen sjølv om du har tatt han.

    Displayet
    Når du tar ting frå dei ulike displaya, blir dei refresha med ein gong. Relevant om du tek fleire ting på samme turen.

    6-kantane i maskinen
    Desse får du når du har fått begge trackane opp.

    Kort med piler i sirkel i maskinen
    Denne free actionen som Tor Inge hadde i maskinen sin gjer at som ein normal action kan spele eit kort oppned i ein slot. Dette har ingenting med sideslotten å gjere.

    Kortsymbol i maskinen
    Med kortsymbol i maskinen kan du som ein action spele eit kort med feil farge og behandle det som om det har fargen maskinen seier det har.

    Kortsymbol på kort
    Kortsymbol på kort betyr som Rune presiserte å spele endå eit kort. Plussteikn på kortet betyr å få eit nytt kort.

    Offisielt lansert balanse-variant
    I setup før folk velger faksjonar blir det valgt eitt artifactkort for alle spelarane. Dette istedenfor at alle får sitt individuelle kort. Mitt inntrykk er at me ignorerer dette til me er gode nok til å meine noko om balanse i spelet. Det er “kjekkare” å gå etter sine egne mål.

    Anna
    Switch action er fortsatt “god” i solomoden, mindre nyttig i vanleg speling, men når kampanjen seier det og etterpå så er han litt betre, men sikkert ennå ikkje fantastisk. Måneversjonane av faksjonane og nye faksjonar blir også låst opp. Måne og sol er kompatible med kvarande så det går an å spele med både basic-kjedelig- og avansert-gøy-faksjonar samtidig. Eg trur me lett kan anten berre spele kampanjen som er tilsvarande Maracaibo-kampanjen (ingen som går glipp av noko). Etter 5 kampanjespel er alt låst opp. Evt kan me bare låse opp alt. Dette er meir eit tutorial-verktøy enn noko anna.

Viewing 1 post (of 1 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.