Shipyard

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • Author
    Posts
  • #3834
    Sten Ole
    Participant

    Shipyard er eit litt spesielt spel der me bygger båtar som skal testes. Slik får me poeng. I sentrum er eit action system der spelarane stort sett blokkerer kvarandre heile tida. Dette gjer at me må balansere action-effektivitet opp mot måloppnåelse heile vegen.

    Båtane du byggjer, treng framdrift og bør passe inn i ein testbane som du også lager til sjølv. Andre kriterier går på sikkerhetsutstyr, mannskap og bruksutstyr. Å få alt til å passe er omtrent umulig fordi du heile tida blir hindra eller at ting ikkje er tilgjengelig på markedet. Spelet er derfor ein evig kamp med frustrasjon og kompromiss.

    Dette er anten gøy eller ikkje, alt etter kva du ønskjer i eit spel.

    Reglar, reglar, reglar…

    Speed
    Eg har verifisert at du får poeng for fart på alle skip. Dette kjem i tillegg til blue riband-poeng.

    Cube drop
    Me endte opp med å spele dette rett. Spelaren speler ferdig turen sin, så skjer ting forbundet til at kuben detter i holet.

    Stoker
    Dette er ikkje ein regel, men ein forklaring på kvifor stokeren ikkje er ein normal del av mannskapet og kvifor kabinen hans er bakerst i skipet. I første utgave av spelet fantes det ikkje stokers. Desse kom inn for å bytte ut propellar som ein kunne bygge i originalen.

    (Kan nevne at regelboka til dette spelet var delvis elendig. Det er ikkje ofte eg må spørje på BGG direkte for å finne ut av ting. Dette er egentlig utilgivelig siden spelet var ein oppdatert versjon. Teorien min er at dei som har jobba med heftet har kunna spelet litt for godt og ikkje har satt seg inn i situasjonen til ein som skal til å lære seg spelet frå steg 1.)

    #3842
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Tikk takk action skritt for skritt. Ikkje kjedeleg, men litt absurd opplegg med modulbaserte lange skip med ting på i snodige kanalar. Stemninga og grafikk verkar som ein feberdraum med tannhjul og kube i firkanthol. Eg er i dissonans.

    $trade$

    #3844
    Sten Ole
    Participant

    2. speleomgang fekk eg inntrykket at eg ikkje speler spelet undervegs. Eg ser på kontraktane mine (end game points), legger ein heilhetleg plan. Så blir spelet eit flytskjema der du spør: “Kan eg utføre planen denne turen?” Om svaret er ja, så gjer du det. Om svaret er nei, så samler du pengar eller ein random ting som du kjem til å trenge seinare.

    Spørsmålet er om spelet er kjedelig eller om det var eg som gjorde det kjedelig for meg sjølv…

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.