Sidereal Confluence

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • Author
    Posts
  • #3167
    Sten Ole
    Participant

    Etter eit påtvungen fred i galaksen, sit kvar spelar i førarsetet til kvar sin rase som må utnytte sine evner til å hevde seg og ta det politiske lederskapet. Det er eit industrielt og teknologisk kappløp der samarbeid og handel er essensielt for å nå fram.

    Spelet har ein simpel gameloop: Ein handelsfase der spelarane utveksler materialer og gjer avtaler; ein industrifase der spelarane produserer med teknologien sin; og ein confluence-fase der spelarane konkurrerer om å sikre seg dei rette planetane og forsknings-teama.

    Dilemmaet som tvinger seg fram er at ingen har alt dei treng for å lykkes. Du produserer kanskje mat i bøttevis, men du mangler energi. Og uten energi så stopper alt opp. Du må skaffe energi, og han som har det trenger ikkje mat. Så du må kanskje innom ein annan speler som kan hjelpe til. Rasane har ulike verktøy som er unike: Investor-rasen, stjelerasen, rasen som ikkje deler teknologi, rasen som utnytter planetar betre, rasen som knapt nok bryr seg som kva slags ressursar dei jobbar med, rasen som ikkje får lov til å eige planetar, rasen som lagar eigne planetar, rasen som treng andre for å kjøra maskinane sine og rasen som kan ta seg til rette i kampen om planetar. Med ulik rasesamansetning blir ressursknappheten annleis. Og rasen din bestemmer til ein viss grad kva slags avtalar du bør smi saman.

    Eg syntes spelet var kjempegøy. Det var litt meir uoversiktig enn eg hadde trudd på forhånd. Du får raskt i gang bøttevis av “ressurs-konverterings-maskinar” som du sliter å utnytte om du samtidig skal vere med i forskningskampen. Nokre kjører gratis. Andre treng noko du kan lage sjølv. Og nokre treng ting du ikkje har. Du har ikkje oversikt på kva maskinar er best. Nokre spytter ut mykje meir ressursar enn du putter inn, men er av ein type som du ikkje treng. Nokre gir ressursar som du ikkje får lov til å bruke sjølv og risikerer å måtte gi vekk gratis. Så har du nokre rasespesifikke luretokens som du ikkje aner verdi/kostnad på.

    Opplevinga mi som Faderan (investor/bingo-rasen) var interessant. Eg følte meg konstant fattig. Eg såg på Marius og Tor Inge som vassa i ressursar. Eg passa på å sende acknoledgement-tokens til alle. Dette gjekk fint på tross av åpenbar skepsis. Eg klarte å overtale Tor Inge til å lage Is-planetar til meg som blei vanskelegare og vanskelegare jo fleire poengtokens som velta ut bak player-screenen min. Eg fant eit par gode relics som kompenserte for alle dei øydelagte isplanetane mine, blant anna noko som auka markedsverdien på acknoledgement-tokenane mine. Eg klarte omsider å finne opp dyr teknologi på slutten etter å meir eller mindre tilby Marius alt eg eigde for å få eit fåtal kvite kubar.

    Spelet passer bra for folk som både liker engine building/ressurskonvertering og å prate seg fram til gjensidig gode avtaler. Altså absolutt alle.

    #3169
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Sc

    Dette er eit spel for deg som likar å sjonglere med brikker og produksjonsmotorar. For meg blir det litt overload, og mykje fokus som lagersjef.

    Etterkvart som team utviklar teknologi går utvalet av skaftet. No kan ein oppgradere ting ved å «bruke opp» teknologikort, men likevel ein dimensjon den stakkars hjernen må analyse paralyse.

    Marius likar spelet, og eg tippar Thomas vil elske det.

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.