The Plum Island Horror

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • Author
    Posts
  • #4065
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Pl

    Pl2

    Stormen «Nancy» slår inn over Plum Island og fører til skadar og hendelsar på det lokale forskningssenteret for biokjemiske prosjekt. Hordar med Horrors skyller over og spelarane må samarbeide om å evakuere sivile, bekjempe hordane og passe på øya ikkje går under før tida renn ut.

    Pulp Horror theme action! Snacks og drikke passar fint!

    #4096
    Sten Ole
    Participant

    Dette var eit koseleg spel der horder med “horrors” kjem nedover eit kart for å drepe. Jobben din er å stå imot og redde folk ut. Mange artige folk og ting som skjer her. Humorfaktoren er der.

    Spelet følger eit system der kamp og bevegelse skjer i ordna former. Du har ei enkel liste med actions, der visse er ganske kjedelege (for eksempel å hente supply), mens andre får mykje til å skje (for eksempel search). Eg trur spelet gjer ein god jobb med å la deg gjere det som du vil utan at ein må vere klinisk nøyaktig eller ha ein god overordna plan. Det var ein liten underleg ting med spelet. Du trengte å redde X antal personar, og når desse først var redda, så trengte du ikkje tenke så mykje på resten. Du kunne fritt bruke dei kynisk til å oppholde horrorane. Mystisk design… men men…

    Når me spelte, vant me litt lett, men dette var nok delvis pga regelsnusk i forhold til doom token og bruer som for lett stoppa horrorane. Me hadde litt regelsnusk som jobba mot oss også, men kanskje litt mindre.

    Spelet er kjekt og mindre komplisert enn det ser ut som.

    Reglar, reglar, reglar…

    Doom token
    Me gløymde å spele med doom token i activity-sekken. Denne gjer at det blir kjørt ein event.

    Incomplete spawning
    Ein ekstra kilde til “overrun”-tracken er om vi går tom for horror tiles når dei spawner. Då auker tracken med 1.

    Spawning into occupied areas
    Når Horrors dukker opp der det er noko, så blir det ein close combat.

    Horror movement
    All horror-bevegelse på ein track skjer først, så skjer “amalgamation”, så skjer kamp.

    Straum
    Når straumen blir skrudd på får alle spelarar 5 supplies.

    Civilians inni compound
    Du kan ha 4 civilians inni ein compound og du treng berre mate dei 1 supply per hunger-fase. I tillegg, om du velger å ikkje gjere det, mister du berre ein unit.

    Medevac helicopter
    Om du er på ein helikopterplass på brettet og helikopteret er på sjukehuset, kan du bruke ein action for å bli flydd dertil og fjerne ein skade.

    Horrors og øydelagte bruer
    Horrors vil i samme aktiveringen “fikse” heile brua og ta skade og gå til akkurat andre sida av brua.

    Horrors i kamp mot civilians
    Kvar hit dreper ein unit. Det blir også lagt ein biohazardkube i sekken.

    Molotov cocktail og pistolar
    Desse tinga kan brukes som free actions.

Viewing 2 posts - 1 through 2 (of 2 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.