Twilight Inscription

Viewing 1 post (of 1 total)
  • Author
    Posts
  • #4009
    Sten Ole
    Participant

    Dette spelet er Hardrian’s Wall i Twilight Imperium-klær. Du har eit sett med ressursar som du bruker til å krysse av ting som gjer at du kan krysse av andre ting osv heilt til du går tom. Så fortsetter du. Twilight Inscription har meir granulære turar enn motparten og deler opp brettet i 4 deler der du berre aktiviserer ein om gongen. Det har meir “pynt” i form av asymmetriske krefter, events, relic-kort osv. På samme måten som Hadrian’s Wall er dette i stor grad eit solo-kalkulator spel der ein putler mykje for seg sjølv.

    Fordi det er ein del felles for alle spelarane på midten, trur eg kanskje spelet egner seg for færre spelarar enn det me testa det med. Eg tipper 3 spelarar er optimalt. Testen av spelet blei også litt amputert pga av settingen. Eit møte, eit eksperiment etterfulgt av eit anna eksperiment var kanskje ikkje taktisk plan. Eg trur generelt test av nye spel ikkje er ideelt for årsmøtene.

    I sin sjanger virka Twilight Inscription bra laga. Det får litt minuspoeng for å vere eit spel der ein brukar tusjar. Det er så å seie aldri ein brukarvenleg oppleving. Det skapar også eit framtidig problem når tusjane blir brukt opp eller tørkar ut. Eg hater tusj. Men kanskje eg er på gli siden femmaren på topp 5 lista mi er eit hersens tusjespel.

Viewing 1 post (of 1 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.