Vindication

This topic contains 3 replies, has 3 voices, and was last updated by  Jarle Haktorson 2 months ago.

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)
  • Author
    Posts
  • #2149

    Rune Hanssen
    Keymaster

    Vindication

    Vakre komponentar, hard mekanikk og mange vegar til mål. Bør bli løfta meir av ekspansjonane.

    Pros:
    – interessant poengjag og ballansering av ressurskubar
    – oversikteleg trass i mengda komponentar
    – spenning rundt valg du gjer heile vegen fram til slutten

    Cons:
    – tema blir for distansert i høve til stresset du driv med heile kvelden
    – vakker grafikk og story blir overskugga av geometri og perspektiv

    • This topic was modified 2 months, 1 week ago by  Rune Hanssen.
    #2150

    Jarle Haktorson
    Keymaster

    “You are wretched…but that is not the end of your story. After a lifespent chasing wealth and excess, your cruelty and corruption have finally caught up with you. That’s why you were thrown overboard by your shipmates—left to die in the icy black sea. But in this world of surprises, that was not your destiny. Moments before vanishing into endless darkness, you wash ashore amid the ruins of a remote island where you are revived by a traveler. As you open your eyes to your bizarre new home, you find that something better—something stronger—has awakened inside you. Now, there is work to be done. You have nothing but the beating of your heart, the breath in your lungs, and a tarnished past pleading to be rewritten.”

    Dette likte eg godt. Ikkje berre pga. veldig gode komponentar, hundrevis av unike, vakre illustrasjonar og godt organisert spel/lagring, men pga. fridomen og historia det skapar. Det er kalla sandbox, og det forstår eg. Slike spel er ofte mindre prega av poengjag og kalkulerte trekk, og meir av å gjere gøye ting og setje seg sjølv små mål, der ein skapar/får ei historie undervegs.

    Vindication ligg litt i mellomspelet her; ein har veldig masse val kvar runde og det er gøy å berre vandre rundt og finne på ting, men du har som regel ein baktanke med det; det å på sikt auke æra di (poeng).

    Det føltes likevel ikkje som eit jag; hm, kanskje eg skal få meg ein ny Companion? Hm, den var flink å sloss? Ok, då sloss eg med monster. Oi, monsteret droppa noko som fungerer bra med Relics. Hm, då må eg auke min Vision, slik at eg får tak ein Relic. Hm, då må eg auke min Wisdom først; hm, det kan eg jo gjer der, hm…

    Slik blir vegen til medan du går, og det synes eg fungerte utmerka i Vindication. Kvart brett blir unikt kvar gong, og det føltes likevel balansert. Etter første speling trur eg det berre var ca. ti poeng som skilde topp og botn, og eg trur alle hadde det kjekt medan det stod på. Ei speletid på ein halvtime pr. person er realistisk.

    Me har berre prøvd det vanilla så langt, men her er valfrie ekspansjonar som kan leggjast til som ein vil:

    Treachery: Meir interaksjon/plaging spelarane imellom; flytt dei, stel av dei, mess up stuff.
    Jewels/mines: Kan utvinne mineral som kan brukast som betaling til Companions, eller få dei forma om til magiske juvelar (ny kortbunke).
    Pets: Kjæledyr! Desse gir ulike eigenskapar, eks. besøke regionar langt borte ifrå deg.
    Sacred stones: Teleportasjon rundt på brettet!
    Temple ruins: Nye Secret Quests!
    Well of wishes: Ønskebrønn som gir forskjellige, ukjende ting.
    Building sites: I staden for random draw av nye tiles/terreng, kan du byggje det du vil.
    Guilds: Få ein ny, fjerde action kvar runde; bruk Guildet ditt til å fortifisere, blokkere terreng på brettet, betre eigenskapar etc.
    Monuments: Bygg eit monument; eige brett. Klarar du det, får du 15 Honor.
    Myths and Wonders: Eit svært monster blir plassert midt på øya. Spelarane må samarbeide om å bekjempe det. Etterpå er det deling av Loot.

    Og eg har endå ikkje lese på den siste ekspansjonspakken…

    #2170

    Sten Ole
    Participant

    Spelet imponerte. 10/10 kvalitet.

    Bra:
    – Relativt strømlinjeforma.
    – Relativt enkelt å lære.
    – Høg produksjonsverdi.
    – Victory points, men gøy sjølv om du ignorerer dei.
    – Herlig kube-flytte-mekanikk.
    – Herlig visuelt inntrykk.

    Ikkje bra for alle:
    – Ein del flaks.
    – Du bør fleire gonger ta valg basert på kort som ligger åpent, men desse er umulig å ha oversikt over på eit stort bord.
    – Spelet ender brått og uventa.
    – “For mange” modifiseringsmulighetar i form av ekspansjonar.

    Reglar, reglar…

    Ingen feilspeling. Kan bekrefte at å bruke ein relic er ein bonus action (max 1 gong per tur).

    #2171

    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Veldig masse samd her, to punkt fortener utdjupande kommentar:

    – Spelet ender brått: Jepp, det gjorde det sist. Men første gong me spelte var det “styrt” slutt der me såg det runden før. Har nok litt med “kontroll” på brettet, men med fleire “Game End”-kort er nok ikkje dette så lett alltid. Eg trur likevel dette er noko ein kan kontrollere litt meir når ein kan spelet betre. Har også lese på forum at nokon likar litt lengre spel, og då stoppar spelet først når to Game End-kort er nådd. For min del er spelet akkurat nok ved første Game End.

    – “For mange” modifiseringsmoglegheiter: Heilt samd. Dette er eit “problem” med enkelte spel. Kva skal med? Kva skal ikkje med? Finnes det ein “perfekt” kombo? Eller ein som “øydelegg” spelet? TI3 vart etterkvart ekstremt her; tusen ting som kan vere med. TI4 fjerna alt og gav deg eit komplett spel. Men nokre gøye ting forsvann også…

    Når me spelte Vindication no sist, tok eg med tre “ekspansjonar” eg hadde lyst å prøve. Fleire av ekspansjonane er Tiles; då må andre Tiles bort for å få plass til desse. Nokre ekspansjonar er ikkje Tiles, men ekstrabrett og ekstra actions kvar runde; då endrar brått spelet seg. Men til det betre? Vanskeleg å vite før ein har prøvd.

    Eg har som sagt endå ikkje opna eska med “Allied & Leaders” eller kva den heiter. Då får ein endå fleire moglegheiter. Eg trur likevel at me skal klare å lande på kva folk likar, og kva folk ikkje “treng”. Når ein “kan” spelet kan det kanskje vere greitt å ha mange moglegheiter? Eks. at Monuments “alltid” kan vere med, om nokon vil ta den vegen? Eller “Allies”, om nokon vil gå inn i Guilds?

    Men det er litt “stress” med alle moglegheitene ja. Trur me får ha Sandbox-perspektivet, så går nok alt bra.

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)

You must be logged in to reply to this topic.