Einar Bogsnes

Forum Replies Created

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)
  • Author
    Posts
  • #1829
    Einar Bogsnes
    Participant

    Synes spelet er veldig gøy ein gong i blant – om ein speler det kvar veke blir det fort ganske repetitivt ettersom det stort sett skjer det samme kvar gong, men er etter mi meining eit av dei beste spelene under kategorien “spel eg har lyst til å spele 1 gang i året”. God kombinasjon av ting som skjer, varer ganske passelig lenge, og fleire forskjellige strategiar som er tilgjengelige uten at ein føler seg tvingt inn i nokon av dei.

    #1820
    Einar Bogsnes
    Participant

    1. Pandemic
    Eit medlem av Trondheim’s brettspelklubb oppsummerte mine tankar veldig bra med følgande setning: “Når 4 spelarar sitter og speler pandemic så er det egentlig 1 person som sitter og speler pandemic, og 3 personar som sitter og trur dei speler pandemic.”

    2. Elder Sign
    Husker ikkje mykje om spelet utenom at det var alt for mange terningar som blei kasta.

    3. Citadels
    Husker lite av det utenom at eg syntes man bare blei stuck utan å få gjort noko litt for ofte, og endte opp med at mange rundar var ganske kjedelige.

    4. Here I Stand
    Veldig mange ting som foregår, men lite “payoff” for kompleksiteten. Kort med masse interessant tekst, men teksten er irrelevant 90% av tida. Igjen for store mengder med terninger som blir kasta. Tar veldig lang tid og krever mange spelarar, og meiner at det er veldig mange spel i den kategorien som bare er mykje kjekkere å spela (Game of Thrones, Twilight Imperium, Eclipse, Rex, etc.). Føles litt slemt ut å ha det her når dei andre spelene er klart dårligere med stor margin, men grunnen er vel i stor grad korleis det føles litt som bortsløst potensiale å spele dette spelet når ein er samla i ein gjeng som også kunne ha spelt eit anna 6-timersspel i staden.

    5. Power Grid
    Dette var egentlig eit ganske gøy spel, og mange ville sikkert ha tenkt at eg elska dette spelet, men merker at eg savner ein “wow” faktor i dette spelet. Det er ingenting som får meg til å tenkte “skulle gjerne tatt meg ein ny runde power grid” fordi eg føler at etter å ha spelt det 2-3 gonger så har du opplevd alt du kjem til å oppleve. Og dersom eg har lyst på eit taktisk spel med få “wow”-faktorar og slikt vil eg heller berre spela eit spel som sjakk eller noko i staden. Power Grid faller liksom i det området der det verken er stabilt og taktisk nok til at eg har lyst til å investere mykje tid i det samtidig som det ikkje har nok hype til å lura meg med på ein ny runde med ny strategi.

    #1791
    Einar Bogsnes
    Participant

    1. Gloomhaven
    2. Terraforming Mars
    3. Through the Ages: A New Story of Civilization
    4. Twilight Struggle
    5. Rex: Final Days of an Empire

    Honourable mentions:
    Sjakk
    Magic: The Gathering
    Twilight Imperium (ikkje fått testa 4th edition enda, ellers hadde den antageligvis vore på lista)

    • This reply was modified 5 years, 6 months ago by Einar Bogsnes.
    #1786
    Einar Bogsnes
    Participant

    Blei skikkelig hekta på dette spelet i vår, fått spelt rundt 40 scenario så langt. Definitivt blitt mitt #1 brettspel personleg. Endte opp med å kjøpe ein til av det slik at eg kan ha ein på vestlandet til å spele med venner siden det er så vanskelig å få med den andre kopien fra trøndelag.

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)