Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Circadians: Chaos Order › Reply To: Circadians: Chaos Order
Spelet er fortsatt fantastisk. Denne gongen prøvde me ein 3-player-variant som eg syntes fungerte fint sjølv om det strategiske ikkje var 100% på plass siden vi fortsatt er dumme. Kvar faksjon setter sitt preg kva som skjer på brettet.
Eg spelte Circadians som har ein fly som raskt kan flytte forbi hindringar med supersoldatar som er hindra av at dei ikkje er så mange. Dette gir ein god del kontroll og fleksibilitet i forhold til å styre kor dei store konfrontasjonane skal skje. Det som held dei tilbake er at dei strategisk ikkje ønsker å konsentrere styrkane då dei trenger å styre store område for å lykkes.
Tor Inge spelte Jrayek som enten rekrutterer ekstra ledarar i kamp eller selger dei ut til motstandarane. Det som gjer Jrayek farlege er at dei går hardt etter ledarane dine for å vinne, inkludert dei som er utleigde. Du er med andre ord best tjent med å møte dei i kamp utan ledarar som er ein fantastisk ulempe.
Øyvind spelte AI som kan ause ut styrkar. Dei vinner ved å drepe soldatar og ikkje nødvendigvis å vinne kampane. Dei blir derfor ein faksjon som ein helst vil unngå kontakt med. Dei utarmer deg kontinuerlig om du gir dei muligheten.
Spelet har mykje dybde i forhold til å forutse planar. Du bør vite om spelarar er villige til å betale prisen for å gjere actioner fordi litt av dei “pengane” går til deg som gjer at du kan finansiere dine eigne planar. Movementfasen blir fargelagt av kven som kan velge kamp først. Dette fordi det har enormt å seie for korleis styrkane kan løsne seg frå pins eller omfordele seg etterpå. Du sit og må visualisere kva du trur andre planlegger og tenker slik at du overlever at du må ta eit valg først før motstandaren får gjere mottrekkene sine. Spelet hopper opp i anseelse for min del. Eg hadde det litt ufortjent med på topp 5 lista mi sist, men det er godt mulig at den er med der neste gong også.