Jarle Haktorson

415 54 544

Email

post@brettspel.no

Spelekveldar

Me brukar SPOND

#4351
Sten Ole
Participant

Ny speling av dette nesten 5 år seinare. Enkelt spel i forhold til reglar. Du bruker diskar på bygningar for å legge andre diskar utpå kartet. Dette gir tokens som aukar verdiar på tracks som gjer at du får meir til neste runde. Spelet belønner dei som har kome høgt på trackane og fått mange diskar utpå kartet. Det er litt konkurranse om å låse opp regionar for å bli governør der og det kan bli litt kamp der diskar blir fjerna om områder blir overtatt av dei meir voldelege. Dette er kanskje eit bra introspel til nye fordi det krever lite for å delta. Det er eit fint spel for dei som liker tracks.

Age of Sail tilbehør
Dette er fortsatt ikkje testa, men det er ikkje så vanskeleg. Du har med 3 “exploits” med litt historiefluff. Når dei to regionane kopla til ein exploit er låst opp kan alle som er til stade i begge regionane samtidig bruke actions og opparbeide glory gjennom exploiten. Dette kan gi ekstra mulighet til å angripe, angripe uten å ta skade, beskytte mot angrep, gå på eventyr osv. Det skal i teorien vere lett å administrere men gjer kanskje spelet litt skarpare. For å gjere spelet interessant er nok exploits obligatorisk om ein skal spele spelet oftare enn sjeldent.