Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Andromeda’s Edge › Reply To: Andromeda’s Edge
Etter ein kort konsultasjon med Jason Harris og 2 middelmådige resultat i spelet, er eg klar med ein endeleg konklusjon.
Som Rune påpeiker er kampsystemet eit stort bedrag. Intuitivt burde det lønne seg å vinne i kamp, men økonomien i spelet er derimot lunefull. Det kan vere vel så bra å tape. Ein god tapsmåne gir 2 ressursar, men du taper eit skip som seinare ikkje kan returnere og jobbe på ein modul. Denne modulen gir kanskje 2 ressursar på ein god dag, men ofte mindre. For å komplisere reknestykket gir skipsaktivering mulighet til å bruke energi mot modulaktivering, så på eit visst tidspunkt går spelet frå å belønne tap til å straffe seg. Det beste er egentlig å slåss med skip som er utstyrt med skjold siden dei kan tape og i tillegg gi deg modulaktivering. Vinn vinn. Foreløpig er reknestykket ganske jevnt. Med berre eitt skip i potten er det låg risiko siden forskjellen på tap og seier er minimal.
Problemet skjer når du gutser inn i kamp med mykje om gongen. Du trur du gjer det skarpt med å dreie sannsynligheten i din favør. Men alt som egentlig har skjedd er at du har gjort at du taper mykje meir dersom du taper kampen. Du har i tillegg svekka posisjonen din på kartet siden du ikkje har valgfrihet når neste skip skal sendes, og developments kan du berre gløyme. Om du i tillegg sender inn alle skip i kamp risikerer du at du ikkje får aktivert dei grønne modulane eingong. Då er du ille ute. Den feilen har eg gjort fleire gonger no, og aldri igjen.
Ellers kan me gjere andre observasjonar som at tracks er det som gir opphav til mest poeng. Måten du får mest trackbevegelse er å kjøpe modular. For å kjøpe modular må du ha ressursar som du får ved å ha kjøpt modular før. Poengsystemet oppfordrer deg derfor til å lage modular som ditt hovedfokus. Du kan gjere andre ting, men om du mister kompasset ditt og begynner å ha det gøy, er du ille ute. Ein liten anna ting er at taktikk-kort er den desidert beste ressursen siden den ofte gir deg meir verdi enn ein ressurs.
Eg har veldig lyst å like Andromeda’s Edge mykje, men eg ender opp med å respektere det meir enn eg er i gledesrus når eg speler det. Trackane gir meg eit hint av av Stonemaier Games-følelsen. Økonomien og kampsystemet gir eit kombinatorisk Lacerda-pingpong-følelse der gevinstane og motivasjonane er fråkopla frå den tematiske realiteten. Spelet oppfordrar til å optimalisere action-rekkefølge for å tyne ut kvar dråpe med nano-carbon. Du svinger sverdet ditt berre for å bli møtt med Blood-Rage-nissen som speler ein Loke-strategi. Spelet er ein kombinasjon av mange gode, men på mange måtar ekle og avskyelige (men godt designa) mekanikkar.
Spelet er gøy, men er i mine auge ikkje gøyare enn andre spel med andre tilnærmingar til romskip-land eller andre settingar med halv-krig.