Jarle Haktorson

415 54 544

Email

post@brettspel.no

Spelekveldar

Me brukar SPOND

#4522
Sten Ole
Participant

Eit par til gjennomspelingar, prøvd med både 3 og 4 spelarar.

Erfaring viser no at bøker er den ultimate ressursen. Dei er uforholdsmessig mykje betre i forhold til kva ein ellers får til å hente utpå brettet. Dette er ikkje nødvendigvis ein dårleg ting, men det undergraver det meir ærlege ressurskonverterings som ein kan gjere i spelet. Kultistane har vore stort sett irrelevante sjølv om me supplerer byen og tårnet lite eller ingenting. Det skal mykje til for at kultistane skal få 100 eller meir poeng sjølv med maksimal tilrettelegging. Kultistane er nok sterkast med 5 spelarar fordi då er det berre 3 arbeidarar per spelar og ingen sjette spelar til å svekke kultistane. Decree-systemet ser ut til å vere lite lukrativt utenom å spe inn vinnarstemmer som siste spelar i runden. Det koster for mykje å investere inn i det og gevinsten er relativt låg.

I forhold til reglar har det no vore ein del problem rundt korta i spelet. Tolking av bok-kort, threat-kort og decree-kort må ofte gjøres der og då utan reglar å støtte oss på. Minst eitt kort har utan tvil feiltrykk fordi det gav ingen meining. Dette er litt synd når det er store vinnarar og taparar i den tolkningen er som totalt vilkårleg. Det kjem nok ein errata på BGG ein eller annan gong, men til då er dette (for meg) litt plagsomt.

Men, den egentlige grunnen til at eg skriv her i kveld er for å varsle om at Mason-rolla i spelet må bannlysast når ein speler med 3 spelarar (og sikkert også 4). Denne rolla gir automatisk for mykje makt med å, i praksis, gi ein ekstra action ca annan kvar tur, pluss ein påliteleg poeng- og inntektskjelde som er større enn kva dei andre rollene kan konkurrere med. Evt kan ein nyte spelet slik det er. Det er ikkje det einaste spelet med balanseproblemer som me har (eller har hatt) i klubben.

Spelet forsetter å vere kjekt, men det føles litt uferdig ut, eit par endringar unna å vere heilt fantastisk.